mandag 10. august 2009

Det nærmar seg!

Slik!
No er det berre 19 dagar til eg forlet Svelgen for ei stund. Då set eg nemleg kursen mot Wales, og United World College of the Atlantic. Eg gledar meg utruleg, og tør spå at dette kjem til å verte to heilt fantastiske år! Framleis prøver eg å finne ut av korleis eg skal få alt med meg i ein enkel bag. Vel, den er stor, men eg tvilar på at den er stor nok.