Forige veke var mine to fine snuppehoner her. Lena og Frida kom for aa halde meg med selskap fraa tysdag til laurdag i forige veke, og eg prove saa godt eg kunne aa vise dei AC og lage ei innhaldsrikt program til dei. hehe. Uansett var det utruleg trivelig aa sjaa dei sitte paa benken i Llantwit aa vente paa meg etter skulen paa tysdag, og vi GJEKK tilabke til Campus og eg viste dei rund og opp og ned: Paa slottet og i hagane. Eg viste dei Seafront og eg viste dei Coastal Path, og vi fekk bryna oss paa klatreferdigheitene vaare! Etter det tok eg dei med og viste mitt vesle hjorne og kor ryddig eg har det i forhold til visse andre romkameratar. Eg maatte understreke at skulen her skal framheve SimpleLiving. :P Paa kvelden motte vi JP og Raisa og aat paa Il Vesuvio.
Saa kom onsdag og Lena og Frida fekk verkeleg moglegheita til aa utforske Llantwit Major til det fulle, medan eg var paa skulen. Etterpaa kom dei til Campus og eg tok dei med saa dei fekk smake paa vaar vidunderlege kantinelunsj. NAMNAM. Etter det hadde eg service, og dei fekk snakka med min uordinaere romkamerat fraa Russland, for vi aat nachos og ei blaut kake. For check - in fekk dei og sjaa korleis ein feirar bursdagar her paa skulen, men dei ville ikkje smake paa den noko tvilsame kaka som blei servert. Forstaaelig.
Torsdag var det strengt tatt paa tide med HANDEL i Cardiff. Tradisjonen tru maatte vi sjolvsagt ete paa McDonalds. Vi skulle jo og sjolvsagt paa kino, og den greidde vi aa finne etter ein halv time med leiting. Filmen var god, og isen vi aat etterpaa var endaa bedre.
Sidan eg har skule til halv fem paa fredagar, maate dei jo sjolvsagt til Cardiff igjen paa fredagen og gjere sine siste innkjop og naar dei skulle komme attende til Llantwit tok dei like godt toget til tvilsamt Brigend. Byen med den hogaste sjolvmordsrata i Wales. Det viktigaste denne dagen var uansett utan tvil ScanLation paa klippene ved fyrtaarent paa Nash Point. Dette er ei tradisjonsrik kulturell utveksling mellom elevane fraa Skandinavia og elevane fraa Spania og Laitin-Amerika. Dette var vewldig nyttig aa faa med seg. 04:00 sto vi opp og eg tok farvel med Lena og Frida som tok til paa si lange reise attende til Svelegn/Floro.
DET VAR EI FLOTT VEKE!
Dagen etter, laurdag var det tid for det aarlege Amnesty Street Theatre. Denne terminen var temaet: "Stopp torturen og legg ned Guantanamo Bay." Eg og Wonga var eit av mange team som sprang rund i Cardiff for aa faa underskrifer av forbipasserande, medan resten av gruppa lga teater i gata for aa illustrere situasjonen til korleis dei fengsla vert behandla og ikkje faar ei rettferdig rettsak. Der er framleis 176 fangar i Guantanamo, paa tross av at president Obama har lova aa stenge denne basen. Vi fekk over 2000 underskrifter og dei skal vi sende til regjeringa i USA!
Her er eit bilete med stolte vikingar fraa Noreg, daa vi tok kalenderbilete i gaar. Det er ein sjalu danske som har retusjert vekk den blaa stripa vaar.
Forresten er det MidTermBreak i morgon, og eg skal eg HEIM. Ryketene seier at der er 10cm med SNO! Kan det bli betre?


