Etter over ei veke heime i vidunderlige Noreg, har eg framleis gjort særs lite av alt det som sto på tapetet. Eg tykkjer vertfall at eg har jobba som ein heilt, ikkje med MathProject-EE-TOK og alt mogleg anne eg burde vere effektiv å få gjort snarast mogleg, men på COOPEN. Diggbart! Det var faktisk ein smule kaldt å komme heimatt, sidan det var ei hetebølgje i Storbritannia veka før vi reiste heim. Litt keisamt å måtte ta på seg regnbuksa.
Det var skikkelig merkeleg å reise frå AC, då bussen vår køyrde forbi alle som sto å vinka etter oss. Trur ikkje det kjem til å synke inn før vi kjem attende i august at eg aldri får sjå igjen mange av andreåringane... Likevel var det superdeileg å komme heim til alt ahh, ei mjuk og god seng med ei skikkelig god og tjukk dyne, ein dusj med ordenteleg trykk, ei vaskemaskin som vaskar kleda heilt reine til og med dei med flekkar. Det var kjempemerkeleg å sove aleine på rommet mitt, utan Christine, Yuho og Jemi var det litt tomt dei første nettene, men så kom Lena på besøk!
No ser eg fram til at ingen eg kjenner skal komme opp i munnleg eksamen, slik at dei kan få tidleg sommarferie, slik at dei kan komme fortast mogleg heim til Svelgen. Kjenner meg litt einsam om dagane når det er eg og pensjonistane som henge aleine her... Også skal eg jo til Afrika om såncirkus tre veker! Åherreguuud. Hadde nesten ein panikksituasjon i dag, då eg ikkje kunne finne passet mitt. Eg trudde eg snudde alt eg eige og har på hovudet, men likevel klarte mamma å finne det i ei av veskene mine. Eg er sikker på at det vart planta der, etter at eg leita der!!! Skal sende visumsøkand for Uganda av garde i morgon. Sidan Uganda ikkje har ambassade her i Noreg, må det sendast heile vegen til København.
Skal forresten på skulen og snakke om UWC/AC neste tysdag. :D
onsdag 2. juni 2010
Abonner på:
Innlegg (Atom)
