mandag 30. august 2010

INDUCTION

Den siste kvelden for forsteaaringane vaare kom hadde laerarane sitt aarlege sjokkerande leararshow, der dei gjer narr av baade seg sjolv og alle andre. Over ser ein Lifeguardlaerarane i akson! Vel det var morosamt aa sjaa laerarane fraa ei anna og litt mindre serios side, men enkelte av dei fekk vi sjaa litt for mykje av, som Paul Belche mattelaerar og Lifeguardsjef, som vi fekk sjaa i ein minimal Speedo!
Men nok om det...
... Dagen etter kom jo forsteaaringane vaare til skulen...
... og vi sto klare til aa ta dei imot, med vatnpistolar, plakatar, matchande t-skjorter sjolvsagt maaling i ansiktene vaare. Hussongen vaar runga utover heile campus fraa morgon til kveld, vi var heilt klart det beste huset til aa ta imot alle dei nye.
S, U, N L, E, Y
We`re the best and you no why.
We`re Sunley, yeah, yeah we`re SUNLEY

Etterpaa var det paa tide med bli kjend leikar, og den brutale wresteling-game. Eg har framleis tre brannsaar paa albogane mine etter aa ha spelt den i tre dagar. Au. uansett den absolutt beste maaten aa bli betre kjend med andre mennesker paa, alle mistar alle hemingar og gloymer at ein faktisk aldri har mott kvarandre, er "jetlagd" eller er sjenerte. The Wresteling-game paa gong i Sunley Dayroom.

Resten av veka var superduper intens. Eg er PeerListener og maatte derfor vise dei rundt paa campus og ta dei med til alle dei ulike aktivitetane dei skulle vere med pa. Kjentest igrunn ut som om eg var bjollesauen i ein diger saueflokk med mange usikre lam paa slep, neida saa gale var det ikkje. Den desidert storste opplevinga denne veka var daa vi var paa FirstYearCamp, og eg var med som PeerListener. Det er den beste delen av Induction, og itillegg fekk vi sol alle dagane, noko som satte prikken over i`en. Det var tre herlege dagar der ein spelte WakaWaka, Mika og Dancing in the Moonlight til ein vart ore i hovudet. I tillegg var eg med aa ga ein sekstimar lang tur langs klippene fraa der campen var til Storbritannia sin aller minste by. Det var slitsamt, og skivst lunsj har aldri smakt saa godt for. Utsikta var nydeleg og vi saag ikkje mindre enn fire selar paa vegen, i tillegg klarte eg aa forhindre at ansiktet mitt vart rosa slikt det vart i fjor. Daa vi kom fram fekk vi sjokolade i belonning. Jippi.

... Og i dag hadde vi forste dag av det siste skuleaaret paa vgs og i Wales!

søndag 29. august 2010

August Period

Daa vi endeleg komm attende til AC etter ti veker med sommarferie, hadde vi nesten to veker der vi berre gjorde comunity service, altsaa gje noko tilbake til lokalsamfunnet rundt skulen. Eg er i Lifeguard Service, saa det eg gjorde desse vekene var aa patruljere to strender Southerdown & Ogmore Beach, i tillegg til aa planlegge oppgaavene vaare for det kommande aaret. Ganske greitt aa faa lov til aa patruljere strender paa ekte, sidan det er det vi har jobba fram imot i eit heilt aar. Vi fekk oving i alle oppgaavene dei betalte Lifeguardane gjorde, og vi kan sokje paa sommarjobbar som Lifeguardar seinar, noko som er nyttig vil eg tru. Heldigvis var det ingen som var i havsnaud medan vi patruljerte, men det var ein liten gut som datt paa ein stein og forstua ankelen sin...

(C) 2010, Photo by Henry O'Sullivan- All Rights Reserved.

I tillegg var vi paa campingtur i tre dagar til ein smaaby to timar fraa skulen, Tenby. Den forste dagen pakka vi vaatdraktene i bagane vaare og hekta paa kayakkhengeren paa minibussen og koyrte til naeraste strand, og var paa ein tretimar lang kayakktur for drog attende og aat middag og sov. Det er slitsamt aa padle. Vi var den siste av tre grupper som var paa camp, derfor var soveposane vaare i telta noko vaate, sidan det hadde regna dei siste dagane for vi kom. I tillegg hadde dei andre gruppene brent opp all veden, saa vi maatte samle saman ved fraa skogen. Dag to av campingturen sto vi opp og pakka ned lunsj for vi igjen tok paa oss dei not vaate vaatdraktene vaare og drog paa ein ny kayakktur. Denne gongen skulle vi padle rundt ei diger oy, som var bebudd av munkar. Vi brukte sju timar, og det var utruleg tungt sidan vi halve turen padle baade mot straumen og i motvind. Likevel var det verdt det tilslutt sidan det dukka opp tre selar som symde etter oss nesten heile turen, og eg fekk klappe den eine med aara mi. Vi stoppa paa to av strende for aa ta pauser og ete lunsj, skulle nesten tru det var ei tropisk oy. Vatnet var krystallklart og klippene og smaaoyene rundt saag ut som dei gjer paa film.

Caldy Island, oya vi padla rundt.

Nytt skuleaar

Forst og fremst, sommarferien min var fantastisk. Eg var i Kenya og Uganda i nesten seks veker og gjorde frivilleg arbeid saman med 14 andre fraa skulen.
Vertfaal no har eg vore paa AC i nesten tre veker, og dei vekene har kun bestaatt av service. Det vil sei at sidan eg no er ein kvalifisert Beach Lifeguard har vi gaatt rundt aa patruljert strender i nokre veker. Kjennest ganske fint aa gaa rundt i den gule og raude uniformen.
I tillegg har alle forsteaaringane vaare kommt, dei virkar supre alle saman. Det er ikkje tull.

Sidan eg er ein smule oppteken no, kjem det meir om alt seinare (Britt, eg har i det minste ein trufast lesar.) Uansett eg gler meg til det neste aaret, og er klar for mange nye fantastiske opplevingar!