torsdag 16. desember 2010

onsdag 8. desember 2010

Termin tre er over

I morgon set eg nasa mot Noreg og Svelgen saman med Viktor. Lit latterleg at eg maa ta tre fly for aa komme meg fraa Wales til Svelgen, men heldigvis er ikkje Cardiff Airport truga av aa verte stengd grunna for mykje sno vertfall. Eg har aldri for vore saa klar for ferie nokon gong, hjernen min har vert overloaded i vekesvis allereie og eg kan skrve under paa at det her ar vore dei fire mest intense maanadane eg har opplevd nokon gong. Likefullt har dei vore utruleg herlige, men stressande og slitsame. Framleis har eg mykje lekser i ferien og naar vi kjem attende til AC om ein maanad tek OralExams til og FinalCourseworkDeadlines og T.O.KEssayDeadlina osv gjer seg gjeldande.

Paa laurdag hadde vi Christmas Party og det var endaa meir vellukka enn i fjor mykje takka vaar fantastiske Houseparent. Naar vi har slike spesielle eventar her ser plutseleg alle heilt straalande og plettfrie ut, som om alle har gjennomgaatt ein real makeover. Dei holete buksene, utvaska gensarane og dei utgaatte skoa vert bytta ut med finstasen. Alle saag med eitt ubekymra og opplagde ut! Eg hadde Jonathan fraa Israel som date, han er forresten veganer. I tillegg delte vi sjolvsagt ut prisar til alle forsteaaringane i huset og ein avslorte kven ein hadde som sin Secret Santee. (Nokre veker for jul faar alle tildelt ein person ein skal kjope ein julepresang til, og gjennom desse vekene og gjere hyggelege ting for denne personen, uten at dei skal vite kven du er. Det er alltid like kjekt aa finne ei oppmuntrande helsing og sjokolade paa senga etter ein lang dag.) Etter middagen var det sjolvsagt tid for SOSH of der sto haelane i taket lenger enn vanleg, sidan det var extended check-in og allting.

Om ikkje lenge er det og FashionShow her, i Bradenstoke Hall. Alle kunstelevane og andre som har hatt lyst aa vere kreative har staatt paa heile terminen og laga mange forkjellige flotte kreasjonar og no er det paa tide og vise desse fram foran heile skulen. Modellane er utvalgte studentar. Det vert garantert eit forrykandes show!

Unasett, imorgon kan eg puste inn frisk norsk fjordluft i verdas navle! Og daa er alt bra.

lørdag 20. november 2010

DEN STORE HARRY POTTER DAGEN



Sidan Atlantic College er ein skulen der Harry Potter eigentleg skulle spelast inn, og ettersom det er eit faktum at skulen her faktisk er eit slott var det klart at permiera av den nye Harry Potter - filmen ikkje kunne passere utan ein aldri saa liten harry Potter - dag!Spesielt sidan rektoren vaar fram til jul ser slik ut (Neil Richards aka Humlesnurr.):

Altsaa maate ein igaar sjolvsagt kle seg ut som ein gjenstand eller karakter fraa ein av filmane, den siste dagen av Sustainability Conference dagen. Rundt 170 trollmenn og hekser som et middag i eit stort slott er ikkje kvardagskost. Eg og Laura var utkledd som Nimbus 2010 og Firebolt sopelimane, og det tok litt lang tid aa lage til eit skjort av pinnar, spesielt sidan eg maate ut i skogen og sanke dei for det vart morkt. Etter middag for tre store bussar fullasta med spente elevar til Birgend for aa sjaa filmen, vi hadde nestene in heil kinosal heilt for oss sjolve. Saa kom filmen alle oss freakane hadde venta paa, for bussane tok oss attende til AC der harry Potter SOSH sto paa tabellen! Ei fin avslutting paa dagen.

Harry Potter freaks!


onsdag 17. november 2010

AC Diploma Period

I dag startar Sustainability Mission Focus Period, altsaa skal vi fokusere paa klimaendringar, og kva vi kan gjere med det. Konferansen tek til i kveld med quiz i den store Bradenstoke Hall og i morgon skal her vere ulike foredrag, aktivitetar og gruppediskusjonar og i tillegg skal vi sjaa filmen End of the Line. Fredag skal alle vere med paa ein gigantisk Beach Clear up paa alle strendene i naerleiken av Campus. Dette vert interessant. Det er berre andreaaringane som skal gjere dette, medan andreaaringane har Critical Engatement. Det er mange som meiner at denne konferansen hadde vore betre egna for andreaarinagen, og den virka utruleg BRA, alt er leiia av ex-ACstudentar som gjekk ut for omlag fira aar sidan, og dei har utruleg mykje inspirasjon aa gje oss. I tillegg var programmet skrive ut med FRAGEprinteren, noko som er ein indikator paa at dette er noko heilt spesielt!
Paa laurdag var vi ni stykker som drog for aa jobbe ein dag paa ein Permaculture Farm, Coed Hills. Der provar dei aa lage ein Forest Garden(treskog) der alle plantane anter er til hjelp for andre tre eller menneske, anten medisinsk eller etelig. Dei som driv garden lagar kunst av det dei finn i naturen, og kan og folk komme om ein vil laere om Permaculture og hjelpe til med planting av denne nye skogen.

Paa laurdag var vi og aa feira J.P, fordi ho no er blitt 18. I tillegg har eg hatt mine to forste kjoyretimar, med koyrelaeraren min, John. Aa koyre paa feil side er ikkje noko stress, kun naar ein skal svinge inn i rundkoyringane, eg svingar alltid feil veg endaa. I tillegg maalar dei fatren i miles her, i gaar fant eg ut at 70 miles i timen tilsvarar 112 kilometer i timen. Eg har koyrt fortare enn det er lov aa koyre i Noreg!

tirsdag 9. november 2010

United Words

Dette er ein link til ein blogg, United Words.
Her er det artiklar som er skrive av UWC studentar fraa alle dei ulike skulane. Ta ein kikk!

http://interuwcmag.wordpress.com/

mandag 8. november 2010

People and Planet

Denne helga var vi 14 interisserte og engasjerte elevar som pressa oss, bagasjen of ti soverposar inn i ein Kitchen-van, som Ray historielaeraren paa skulen var saa snill aa frakte oss i, for aa delta paa den storste ungdomskonferansen i Stirbritannia for klima, menneskerttar og fattigdom. Konferansen var i Birmingham, naerare bestemt The University of Birmingham, der vi blei mott av mange entusiastiske leiiarar og sjekka inn og stjelte nokre liggeunderlag vi kunne sove paa, for vi gjekk aa la oss i Squash hallen vi hadde heilt for oss sjolve. Dagen etter maatte vi staa tidleg opp og flytte ut fordi det var studentar som ville spele squash, men det gjorde ingenting forsi vi ville ete frukost. Konferansen tok til med at alle deltakarane samla seg i ein stor sal, og leiaren for The Green Party haldt ein apell og oppmoda oss til aa staa paa, og til aa stemme paa henne neste val. Utanfor var det forksjellige stands, med mange ulike organsisasjonar som jobbar for ein betre klode. Alt fraa korleis ein kan leve i takt med naturen til korleis vi maa staa saman for aa kutte gjelda til dei fattigaste landa i verda. Faktisk er det altfor mange store vestlege selskap som har altfor mykje svin paa skogen, og som invisterer i vaapenhandel, noko som er forstyrrande og totalt uakseptabelt. I tillegg er dei kyniske og snyltar paa skatten.

Etter den forste okta kunne vi velge ulike grupper, som skulle diskutere ulike tema. Eg og to andre fraa AC var med ei gruppe som skulle diskutere kva vikan gjere i Go Green Week paa campus for aa promotere, korleis ein kan leve eit meir miljovennleg liv. Det er faktisk veldig enkelt. ResirkulerResirkulerResirkuler! Go Green Week er i februar og diskusjonane her var vi proppa med nye idear, eg likte best forslaget om aa male ein buss gron, og vere veganar ein maanad for aa samle inn pengar. Seinare paa ettermiddagen hadde vi ein annan Break Out Session, der eg og Scott gjekk for aa hoyre meir ein film ei aktivistgruppe som drog til Kobenhavn i desember er i ferd med aa lage. Konkulsjonen min derfraa er at aktivistar er veldig modige, og eg gler meg til aa sjaa den ferdige filmen.

Etter konferansen var ferdig drog alle fjorten av oss til Birmingham for aa ete og vere sosiale. Etter det drog vi attende til universitetet fordi der skulle vere diskotek og underhaldning der om kvelden. Det var det saeraste synet nokon gong som motte oss. Politisk stand-up, og dei som ikkje ville hoyre paa rokka paa rokkeringar istaden. Villt. Uansett bestemte dei fleste seg for aa gjere noko anna, men tre av oss: Hannah, Anette og eg blei verande. Det tok av, det er noko av det mest morosame eg har vore med paa, spsielt etter at folk tok til aa danse. Diskoteket var i The Great Hall paa universitetet, ein kjempesvaer hall med pynt i taket. KOnklusjonen min er at miljopvernsaktivistdiskotek er utruleg artig! I tillegg motte vi tre andre som var ex-AC studentar og plutseleg hadde vi saa mykje aa dele med kvarandre.

The Great Hall.
Sundag var det forsatt konferanse, men dei fleste av oss hadde berre meldt oss paa laurdagen, saa vi drog til Birmingham for aa sjaa byen istaden. Der var eit digert kjopesenter, og bak der ei fin kyrkje. Medan vi gjekk og vadre i gatene var det ei dama saa spurte om ho kunne laane oss i to minuttar, da kunne vi faa sjokolade. Vi sa sjolvsagt ikkje nei til sjokolade saa vi blei med ho inn i eit rom. Der maatte vi smake paa ulike typar chips og fortelje kva type vi likte best, kva farge som var finast, kva chips var for salt osv, og i belonning fekk vi ein gigantisk sjokolade kver. Fantastisk. Attende ved konferansen satt vi oss i bilen igjen, og kjoyre heim. To soveprosar fattigare, men berika med idear og inspirasjon nok til aa vare herfraa og til evigheita! Det var ei god helg.

BAK: Hannah(Italia/Austerriket) Anette(Noreg) Lily(UK) Gwylem(Isle of Man) Nicole(Holland) Scott(UK) Adrian(HK) Mitch(UK)
FRAMME: Paul(HK) Erica (UK) Kathryn (UK) eg Avni(Canada) Maren(Noreg)

torsdag 21. oktober 2010

BESOK og Amnesty Street Theatre

Handlingsreferat fraa besoket:

Forige veke var mine to fine snuppehoner her. Lena og Frida kom for aa halde meg med selskap fraa tysdag til laurdag i forige veke, og eg prove saa godt eg kunne aa vise dei AC og lage ei innhaldsrikt program til dei. hehe. Uansett var det utruleg trivelig aa sjaa dei sitte paa benken i Llantwit aa vente paa meg etter skulen paa tysdag, og vi GJEKK tilabke til Campus og eg viste dei rund og opp og ned: Paa slottet og i hagane. Eg viste dei Seafront og eg viste dei Coastal Path, og vi fekk bryna oss paa klatreferdigheitene vaare! Etter det tok eg dei med og viste mitt vesle hjorne og kor ryddig eg har det i forhold til visse andre romkameratar. Eg maatte understreke at skulen her skal framheve SimpleLiving. :P Paa kvelden motte vi JP og Raisa og aat paa Il Vesuvio.
Saa kom onsdag og Lena og Frida fekk verkeleg moglegheita til aa utforske Llantwit Major til det fulle, medan eg var paa skulen. Etterpaa kom dei til Campus og eg tok dei med saa dei fekk smake paa vaar vidunderlege kantinelunsj. NAMNAM. Etter det hadde eg service, og dei fekk snakka med min uordinaere romkamerat fraa Russland, for vi aat nachos og ei blaut kake. For check - in fekk dei og sjaa korleis ein feirar bursdagar her paa skulen, men dei ville ikkje smake paa den noko tvilsame kaka som blei servert. Forstaaelig.
Torsdag var det strengt tatt paa tide med HANDEL i Cardiff. Tradisjonen tru maatte vi sjolvsagt ete paa McDonalds. Vi skulle jo og sjolvsagt paa kino, og den greidde vi aa finne etter ein halv time med leiting. Filmen var god, og isen vi aat etterpaa var endaa bedre.
Sidan eg har skule til halv fem paa fredagar, maate dei jo sjolvsagt til Cardiff igjen paa fredagen og gjere sine siste innkjop og naar dei skulle komme attende til Llantwit tok dei like godt toget til tvilsamt Brigend. Byen med den hogaste sjolvmordsrata i Wales. Det viktigaste denne dagen var uansett utan tvil ScanLation paa klippene ved fyrtaarent paa Nash Point. Dette er ei tradisjonsrik kulturell utveksling mellom elevane fraa Skandinavia og elevane fraa Spania og Laitin-Amerika. Dette var vewldig nyttig aa faa med seg. 04:00 sto vi opp og eg tok farvel med Lena og Frida som tok til paa si lange reise attende til Svelegn/Floro.
DET VAR EI FLOTT VEKE!


Dagen etter, laurdag var det tid for det aarlege Amnesty Street Theatre. Denne terminen var temaet: "Stopp torturen og legg ned Guantanamo Bay." Eg og Wonga var eit av mange team som sprang rund i Cardiff for aa faa underskrifer av forbipasserande, medan resten av gruppa lga teater i gata for aa illustrere situasjonen til korleis dei fengsla vert behandla og ikkje faar ei rettferdig rettsak. Der er framleis 176 fangar i Guantanamo, paa tross av at president Obama har lova aa stenge denne basen. Vi fekk over 2000 underskrifter og dei skal vi sende til regjeringa i USA!





Her er eit bilete med stolte vikingar fraa Noreg, daa vi tok kalenderbilete i gaar. Det er ein sjalu danske som har retusjert vekk den blaa stripa vaar.

Forresten er det MidTermBreak i morgon, og eg skal eg HEIM. Ryketene seier at der er 10cm med SNO! Kan det bli betre?

søndag 10. oktober 2010

Innhaldsrik veke

Paa torsdag arrangerte Amnesty - gruppa paa skulen den aarlige Amnesty headshaving eventen. Folk som ville kunne shave av alt haaret sitt for ei god sak. Dei vart sponsa av studentar og gjorde andre kreative saker for aa samale inn pengar for dei shava seg. rektoren paa skulen vaar, barberte og skjegget sit for den gode saka! I tillegg var det den hogsbydande i salen som fekk aera av aa barbere av dei alt haaret tilslutt! Tilsaman samla dei inn omlag 2000 pund, som skal gaa til organisasjonen, men og til brevskrivingsvaka vi skal ha neste termin.

Lily, Sarah, Gwil og Carys. Nokre av dei som deltok paa headshaving!
Paa fredag hadde tyskklassen tyskfrukost heime hos tyskllaeraren vaar, sidan vi har vore saa flinke i aar og sidan vi berre er seks elevar i klassen. Han serverte Berlinerbolla, baguettar og tyrkisk te, og vi snakka faktisk kun tysk gjennom heile frukosten. Ein fin maate aa starte ein fredag morgon paa, spesielt sidan vi har timar heilt til klokka er halv fem paa fredagar! Paa kveden arrangerte Platform 6 eit 10% Ball, som starten paa Gender Focus Week. Alle maatte komme med ein partener av samme kjonn, for aa skape bevisstheit om homofile, bifile osv. Det var ein suksess!

Jia Ying, JP, Andrea, Eliza, Cecilia og Nadya.

Forresten er det den 10.10.10 i dag! 10.10 betyr at vi skal redusere 10% av karbonutsleppa vaare i lopet av 2010. Derfor har vi dag fokus paa klima, og vi skal plukke soppel langs klippene, hoste inn epler fraa The Valley, sjaa Into the Wild, vi hadde karbon redusert Bronsj og vi skal ha kjottfri middag, med stearinlys! Jippi!

Ein siste ting, sjekk ut den linken her: http://www.supportunicef....org.uk/RunforPakistan

Timothy Lim Yang-Jie, ein utruleg artig og sprek gut fraa skulen her, skal springe the Cardiff Half Marathon (21km) for aa samle inn pengar for flomofra i Pakistan, no i oktober. Gaa inn paa linken om nokre har lyst til aa gje ein donasjon.

torsdag 30. september 2010

Ny dag, nye moglegheiter

I gaar var det siste del av Geography of Thought konferansen, og resten av veka har skulen satt av til at ein kan forbrede universitetssoknadar og gjere ferdig Extended Essays osv, medan forsteaaringane vaar har FirstAid Week. Konferansen var faktisk virkelig god, og veldig interessant! Der var ei fin blanding av gjesteforelesarar, og i tilegg hadde vi break - out groups for aa diskutere det va akkurat hadde hoyrt, og kva vi kan gjere her paa skulen for betre laering osv. Ein av forelesarane var faktisk fraa Noreg, Anders Breidlid. Han hadde akkurat vore i Sudan og vore med aa utarbeida nye skuleboker og liknande der nede. Der var mange ulike tema som blei diskutert, nokre av dei var melom anna: korleis hjernen fungerer og kva vi kan gjere for aa betre vaart laeringsutbytte, korleis ulike perspektiv paaverkar vaar laering. I tillegg hadde vi diskusjonar om Kurt Hahn og mannen som fann opp atombomba. Eit sporsmaal vi diskuterte i den siste Break - Out sessionen vaar var: To what extent do we tolerate and not understand in AC? Noko aa tygge paa for ein kver.

No er det uansett fire dagar med fri for oss som ikkje har tenkt aa gaa paa universitet i USA eller UK, saa derfor skal eg nytte anledninga til aa gaa til Llantwit og plukke bjornebaer. Det er kjempegodt, og det veks jo ikkje heime. I tillegg skal eg vurdere aa gjere litt lekser.


Her er forresten eit bilete fraa daa vi avslutta fasta:

lørdag 25. september 2010

Geography of thought

Neste veke skal vi ha noko som heiter Geography of thought konferanse her paa skulen. Dette er ein AC Diploma Period, og det betyr at vi ikkje har vanleg skule, men fokuserer spesielt paa eit spesielt omraade. Vi skal ha mange forelesingar, diskusjonar og workshops gjennom heile veka fram til onsdag, resten av veka skal forsteaaringane ha First Aid Week. Poenget med den veka her er at vi skal vere involvert, bli inspirert og laere korelis vi kan utvikle omraada vaare for laering og tenking. Den veka her kjem garantert til aa verte bra!

tirsdag 21. september 2010

FASTING

I dag fastar halve skulen for å vise solidaritet for folk som lev i hungersnaud verda over. Alle pengane vi sparar på å ikkje ete går til Leger Uten Grenser, og ernæringsprogramma dei har rundt om i verda. Fastinga har vart sidan etter frukost i dag tidleg, som var klokka 08.00 og varer til 20.00 i keld. Då skal vi møtast i matsalen på slottet for å "break our fast." (Veit ikkje om ein kan sei brekke fasten, høyrtest litt mistenksomt ut. ) Uansett då får vi servert suppe, og seinare skal eg og to andre bake kake som vi og skal ta med. Akkurat no er eg ganske svolten, men vi har heldigvis lov til å drikke vatn, og dei som nettopp har fasta ein månad for Ramadan tykkjer ikkje det er så gale. Det er jo berre fire timar att, så dette skal gå bra. Vi samlar inn rundet 300 pund, som er sånn cirkus 3000 kroner på å la vere å ete ein dag. Det er ikkje så dårleg det.

Forresten har eg levert inn matteprosjektet mitt i dag. Ein mindre ting å tenke på. Jippi! Ein anan ting å notere. No er det berre omlag tre veker att til Lena og Frida kjem på besøk, og det er berre ein månad til eg skal heim i 10 dagar! I tillegg har vi neste veke ikkje vanleg skule, men noko som heiter AC Dimploma Period, der fokuset ligg på "Education & Geography og Thought."

onsdag 15. september 2010

Ny veke, meir lekser

Forige torsdag var det baade jodisk nyttaar og id for muslimar, og det vart feira med eit stort fellesmaaltid i Sunley for alle som ville! Baade jodisk nyttaar og id er feiringar som ein kan samanlikne med det at vi feirar jul, og for mange var det fyrste gongen aa ikkje feire saman med familiane sine sidan dei er paa den andre sida av kloden. Romkameraten min Jemilat fra Nigeria og England hadde fasta i 31 dagar, det ver vel strengt tatt det dei fleste muslimar gjer daa dei fastar. Uansett sto alle muslimane og dei andre som fats frivilleg opp kvar natt klokka tre for aa ete for soloppgong og fasta gjennom heile dagen til dei braut fasten klokka aatte dagen etter. Dei har ei utruleg vilje, tredje termin er alt anna enn lett, utan fasting innlagt i timeplanen.


Denne veka har hittil vore like megastressande som dei to fyrste vekene med skule var. Eg torr aa paastaa at "stresset" heime i Noreg ikkje kan maale seg med alt det skulearbeidet vi har her paa AC akkurat no! I tileeg til vanlege lekser har vi coursework som tel paa sluttkarakteren vaar, og i tillegg til det har vi ein stil paa 4000 ord og andre presentasjonar vi maa levere inn. Spesielt stressande er det daa eg ikkje var altfor flink til aa gjere unna litt lekser i sommarferien. Heldigvis er livet her framleis ganske fantastisk, spesielt sidan namnet mitt har vore paa pakkelista to dagar paa rad. Eg og Jemilat fekk nemleg pakke fraa den gamle romkameraten vaar Yuho fraa Japan i gaar som var stappfull av all slags herleg japansk godteri i tilleg til andre sote overraskingar. Paa toppen av det heile fekk eg pakke fraa mamma og dei i dag med nye forsyninga og teikningar, noko eg verkeleg hadde bruk for etter ei kjempekjemiprove i seks kapittel! Kan ikkje seie at eg er ein stor fan av entalpiendringar, delta H og andre skrekkelege formular.

Heldigvis tek dei sote smaa forsteaaringane vaar godt vare paa oss: Dei masserer oss og bakar kaker og muffin for aa gjere kvardagen vaar enklare. Kor vidunderleg!

Massagerekke. Bak: Avni(Canada), Maria(Hellas, Billa(U.S.A - Texas), India(Australia) og Nadya(Indonesia) som og er den nye romkameraten min.
Almog(Israel), Avni(Canada), Eliza(U.S.A - Pennsylvania), Hannah(U.S.A - Calefornia), YiaJing(Malaysia), Mizuki(Japan/Noreg), Morag(Botswana) og eg.

mandag 13. september 2010

Innsamlingsaksjon for flormofra i Pakistan

Pakistan ramma av den storste naturkatastrofa i nyare tid. Ein femtedel av landet, dvs eit omraade paa storleik med Italia, er lagt under vatn og meir enn 20 millionar menneske har vorte heimlause som folge av flommen. Saa langt har meir enn 1600 perosnar mista livet og det er venta at dodstalet vil stige ettersom sjukdommar sprer seg i vatnet og folk ikkje lenger har hverken hus eller mat. Alle provinsane i Pakistan er ramma av flomnmen.
Faizan of Isma som begge er fraa Pakistan tok intiativ til aa arrangere ein innsamlingsaksjon i Llantwit for aa komme med eit bidrag til flomofra gjennom hjelpeorganisasjonen CARE-international. Faizan fortalde at mor han som er lege, no jobbar 14 timar kvar dag paa eit sjukehus der dei tek imot flomoffer! Slike hendingar kjem saa utruleg mykje naerare her paa AC, naar eg faktisk kjenne personar som kjem fraa land der det skjer. Vi var rundt 40 studentar som hjalp til med aa samle inn pengar, og pakka varer for kundar og gjorde dei merksame paa kva som har skjedd. Folk i Llantwit er utruleg hjelpsame og imotekommande og innsamlingsaksjonen gjekk over alle forventningar. Vi samla inn over 10500 kroner, og i tilleg kom sjefen for veldedigheitsbutikken in Llantwit og sa at han gjerne ville donere ein sjekk paa 5000 kroner til saka, og han ville setje opp bosser i butikken sin. Utruleg.
Leger Uten Grenser, som er ein aktivitet her paa skulen skal og ha fokus paa arbeidet dei gjer i omraadet framover. Og om to veker skal vi ha ein fastedag, der pengane vi sparar paa aa faste skal gaa til Leger Uten grenser.

torsdag 9. september 2010

Sportsweek

No er Sportsweek i full gong, og så langt har husa konkurrert i rugby, volleyball og basketball. I dag er det Ultimate Frisbee som står på tapeten! Og i dag skal vi vinne, vo kom på andreplass både i volleyball og basketball, men alle gode ting er jo tre! Samanlagt ligg huset mitt no på tredjeplass, og etter at vi vinn i kveld har vi sikkert klatra minst ein plass opp på lista!
Den veka her har sust av garde, og i morgon er det helg att. Det betyr Pub-induction for alle førsteåringane våre! Det kan verte interessant...

I tillegg får eg besøk av to herlege, Frida og Lena i haustferien deira i nesten ei heil veke. Gleda meg, og eg har allereie starta nedtellinga til dei kjem.

torsdag 2. september 2010

SOL ... og lekser

Tredje termin har offisielt starta og forste veke med skule og codes er snart over. I morgon, fredag, ventar den lengste dagen av alle, med skule fraa klokka er aatte til den er halv fem. HEHE. Eg merkar allereie at aa vere andreaaring, innebaere meir skule og lekser, mykje meir enn i fjor. Denne veka har eg sikkert gjort lekser i minst tre eller fire timar kvar dag, og ifolge mine andreaaringa skal det verte slik heilt til jul... Vel, vel sola skin i det minste ute!
I tillegg har vi faat tildelt oppgaaver for kva vi skal gjere i Lifeguards det her aaret. Heldigvid fekk eg dei to jobbane eg helst vill ha: Children Swimming der vi laera ungar fraa 2 til 5 aar aa symje og First Aid Instructor der vi skal laere lokal ungdom i Lllantwit om grunnleggande forstehjelp. I tilegg sa dei at vi sikkert faar leie timane etter aa ha saatte gjennom dei i nokre faa veker.
Den helga her er uansett spekka med begivenheiter. I morgon er det FirstSOSH og paa laurdag er det FirstYearShow og etter Check-In skal vi ha House Movie Night. Og om ein halvtime skal huset vaart Sunley spele den aarelege huskampen kampen mot Morgannwg. I fjor vann Morgannwg saa i aar er det paa tide aa hevne seg.

Her er eit bilete fraa Camp!

mandag 30. august 2010

INDUCTION

Den siste kvelden for forsteaaringane vaare kom hadde laerarane sitt aarlege sjokkerande leararshow, der dei gjer narr av baade seg sjolv og alle andre. Over ser ein Lifeguardlaerarane i akson! Vel det var morosamt aa sjaa laerarane fraa ei anna og litt mindre serios side, men enkelte av dei fekk vi sjaa litt for mykje av, som Paul Belche mattelaerar og Lifeguardsjef, som vi fekk sjaa i ein minimal Speedo!
Men nok om det...
... Dagen etter kom jo forsteaaringane vaare til skulen...
... og vi sto klare til aa ta dei imot, med vatnpistolar, plakatar, matchande t-skjorter sjolvsagt maaling i ansiktene vaare. Hussongen vaar runga utover heile campus fraa morgon til kveld, vi var heilt klart det beste huset til aa ta imot alle dei nye.
S, U, N L, E, Y
We`re the best and you no why.
We`re Sunley, yeah, yeah we`re SUNLEY

Etterpaa var det paa tide med bli kjend leikar, og den brutale wresteling-game. Eg har framleis tre brannsaar paa albogane mine etter aa ha spelt den i tre dagar. Au. uansett den absolutt beste maaten aa bli betre kjend med andre mennesker paa, alle mistar alle hemingar og gloymer at ein faktisk aldri har mott kvarandre, er "jetlagd" eller er sjenerte. The Wresteling-game paa gong i Sunley Dayroom.

Resten av veka var superduper intens. Eg er PeerListener og maatte derfor vise dei rundt paa campus og ta dei med til alle dei ulike aktivitetane dei skulle vere med pa. Kjentest igrunn ut som om eg var bjollesauen i ein diger saueflokk med mange usikre lam paa slep, neida saa gale var det ikkje. Den desidert storste opplevinga denne veka var daa vi var paa FirstYearCamp, og eg var med som PeerListener. Det er den beste delen av Induction, og itillegg fekk vi sol alle dagane, noko som satte prikken over i`en. Det var tre herlege dagar der ein spelte WakaWaka, Mika og Dancing in the Moonlight til ein vart ore i hovudet. I tillegg var eg med aa ga ein sekstimar lang tur langs klippene fraa der campen var til Storbritannia sin aller minste by. Det var slitsamt, og skivst lunsj har aldri smakt saa godt for. Utsikta var nydeleg og vi saag ikkje mindre enn fire selar paa vegen, i tillegg klarte eg aa forhindre at ansiktet mitt vart rosa slikt det vart i fjor. Daa vi kom fram fekk vi sjokolade i belonning. Jippi.

... Og i dag hadde vi forste dag av det siste skuleaaret paa vgs og i Wales!

søndag 29. august 2010

August Period

Daa vi endeleg komm attende til AC etter ti veker med sommarferie, hadde vi nesten to veker der vi berre gjorde comunity service, altsaa gje noko tilbake til lokalsamfunnet rundt skulen. Eg er i Lifeguard Service, saa det eg gjorde desse vekene var aa patruljere to strender Southerdown & Ogmore Beach, i tillegg til aa planlegge oppgaavene vaare for det kommande aaret. Ganske greitt aa faa lov til aa patruljere strender paa ekte, sidan det er det vi har jobba fram imot i eit heilt aar. Vi fekk oving i alle oppgaavene dei betalte Lifeguardane gjorde, og vi kan sokje paa sommarjobbar som Lifeguardar seinar, noko som er nyttig vil eg tru. Heldigvis var det ingen som var i havsnaud medan vi patruljerte, men det var ein liten gut som datt paa ein stein og forstua ankelen sin...

(C) 2010, Photo by Henry O'Sullivan- All Rights Reserved.

I tillegg var vi paa campingtur i tre dagar til ein smaaby to timar fraa skulen, Tenby. Den forste dagen pakka vi vaatdraktene i bagane vaare og hekta paa kayakkhengeren paa minibussen og koyrte til naeraste strand, og var paa ein tretimar lang kayakktur for drog attende og aat middag og sov. Det er slitsamt aa padle. Vi var den siste av tre grupper som var paa camp, derfor var soveposane vaare i telta noko vaate, sidan det hadde regna dei siste dagane for vi kom. I tillegg hadde dei andre gruppene brent opp all veden, saa vi maatte samle saman ved fraa skogen. Dag to av campingturen sto vi opp og pakka ned lunsj for vi igjen tok paa oss dei not vaate vaatdraktene vaare og drog paa ein ny kayakktur. Denne gongen skulle vi padle rundt ei diger oy, som var bebudd av munkar. Vi brukte sju timar, og det var utruleg tungt sidan vi halve turen padle baade mot straumen og i motvind. Likevel var det verdt det tilslutt sidan det dukka opp tre selar som symde etter oss nesten heile turen, og eg fekk klappe den eine med aara mi. Vi stoppa paa to av strende for aa ta pauser og ete lunsj, skulle nesten tru det var ei tropisk oy. Vatnet var krystallklart og klippene og smaaoyene rundt saag ut som dei gjer paa film.

Caldy Island, oya vi padla rundt.

Nytt skuleaar

Forst og fremst, sommarferien min var fantastisk. Eg var i Kenya og Uganda i nesten seks veker og gjorde frivilleg arbeid saman med 14 andre fraa skulen.
Vertfaal no har eg vore paa AC i nesten tre veker, og dei vekene har kun bestaatt av service. Det vil sei at sidan eg no er ein kvalifisert Beach Lifeguard har vi gaatt rundt aa patruljert strender i nokre veker. Kjennest ganske fint aa gaa rundt i den gule og raude uniformen.
I tillegg har alle forsteaaringane vaare kommt, dei virkar supre alle saman. Det er ikkje tull.

Sidan eg er ein smule oppteken no, kjem det meir om alt seinare (Britt, eg har i det minste ein trufast lesar.) Uansett eg gler meg til det neste aaret, og er klar for mange nye fantastiske opplevingar!

onsdag 2. juni 2010

Heime

Etter over ei veke heime i vidunderlige Noreg, har eg framleis gjort særs lite av alt det som sto på tapetet. Eg tykkjer vertfall at eg har jobba som ein heilt, ikkje med MathProject-EE-TOK og alt mogleg anne eg burde vere effektiv å få gjort snarast mogleg, men på COOPEN. Diggbart! Det var faktisk ein smule kaldt å komme heimatt, sidan det var ei hetebølgje i Storbritannia veka før vi reiste heim. Litt keisamt å måtte ta på seg regnbuksa.
Det var skikkelig merkeleg å reise frå AC, då bussen vår køyrde forbi alle som sto å vinka etter oss. Trur ikkje det kjem til å synke inn før vi kjem attende i august at eg aldri får sjå igjen mange av andreåringane... Likevel var det superdeileg å komme heim til alt ahh, ei mjuk og god seng med ei skikkelig god og tjukk dyne, ein dusj med ordenteleg trykk, ei vaskemaskin som vaskar kleda heilt reine til og med dei med flekkar. Det var kjempemerkeleg å sove aleine på rommet mitt, utan Christine, Yuho og Jemi var det litt tomt dei første nettene, men så kom Lena på besøk!
No ser eg fram til at ingen eg kjenner skal komme opp i munnleg eksamen, slik at dei kan få tidleg sommarferie, slik at dei kan komme fortast mogleg heim til Svelgen. Kjenner meg litt einsam om dagane når det er eg og pensjonistane som henge aleine her... Også skal eg jo til Afrika om såncirkus tre veker! Åherreguuud. Hadde nesten ein panikksituasjon i dag, då eg ikkje kunne finne passet mitt. Eg trudde eg snudde alt eg eige og har på hovudet, men likevel klarte mamma å finne det i ei av veskene mine. Eg er sikker på at det vart planta der, etter at eg leita der!!! Skal sende visumsøkand for Uganda av garde i morgon. Sidan Uganda ikkje har ambassade her i Noreg, må det sendast heile vegen til København.
Skal forresten på skulen og snakke om UWC/AC neste tysdag. :D

tirsdag 18. mai 2010

17. mai paa Atlantic College


Alle dei norske elvane ved AC 09/10
Sjolv om vi ikkje er i Noreg kan ikkje 17, mai gaa upaaakta hen! Alle var kledd i finstasen heile dagen, det innebar mellom anna aa ha paa seg bunaden medan vi hadde kjemipracticals! Eg hadde for ovrig norskpresentasjon paa ein 17. mai, og sidan andreaaringane er midt i eksamensperioden, var stakkars Heidi saa (u)heldig at ho hadde ikkje mindre enn tre eksamenar i gaar. Hurra for det.
Etter Evening - Code hadde vi sjolsagt tog og masjerte paa Main Drive og inn i slottet, der vi sang den vakre nasjonalsangen vaar for alle som sat og aat middag. Stas. Etterpaa var det polser, vaffla og kaker i hagen til norsklaeraren. Sjolvsagt hadde vi poptetlop og, forsteaaringar mot andreaarinngar. Ikkje spor om kven det var som gjekk av med sigeren... For aa sette krona paa verket var det perfekt temperatur og sola skein paa den blaa himmelen heile dagen. Alt i alt ei saers fin 17. mai - feiring.



17. mai toget.



Viktor & Sondre. Staute bunadskarane.

fredag 30. april 2010

Endelig fredag

ENDELIG! First Year Exam er over, takk og pris for det. Det har vert den mest intense veka eg nokon gong har vore med på, utan samanlikning. Forige fredag hadde vi første eksamen, som var norsk, og den veka her var det tysk på måndag, politikk og geografi på tysdag, kjemi på onsdag og ... matematikk igår. I tilegg er det mange som har SATs i morgon, for eit maraton, hjernen min er heilt innskrumpa og oppbrukt, den treng å bli lada opp før den er klar til bruk att. Puh, ganske morosamt at dei eksamenane vi har her varar i to timar, og ikkje fem slik dei gjer i Noreg. Alle andre syns det er hysterisk morosamt at vi kan gå på luftetruar med pensjonistane som passar på oss og trur heilt seriøst at vi tar med oss soveposar på eksamen! Likevel forventar ein at vi skal skrive like mykje og like bra, for hand sjølvsagt. Akkurat er den eine fingeren min ein smule deformert! Ein god ting er at eg har blitt superkvikk å skrive no, weeho. Endå ein lite fin ting er jo at det har tatt til å regne her no, etter tre veker med strålande ver. Typisk, når vi no endeleg er ferdige og har tid til å nyte sola, så forsvinn den sjølvsagt.
For andreåringane våre er det no alvoret starta, deira ekte eksamenar startar på måndag. Biblioteket og alle klasseromma over heile Campusen er stappfulle av studenta som lese febrilsk for å stå IBen sin. Til og med Quiet Room i huset vårt er stille, merkelig det pleier det aldri å vere. Uansett er det litt synd i dei, stakkarsane. Derfor er det eit veldig fint system at førsteåringane blir IB - buddy for andreåringane i husa sine. Det betyr at vi er snille og skrive fine ting til dei for å muntre dei opp, og så gjev vi dei meir mot og gjerne mykje sjokolade og anna kliss! Eg har to IBbuddies jack frå Wales og Boya frå Kina. Eg virderer strekt å gje dei knekkebrød med brunst, sjølv om eg tvilar sterkt på at dei kjem til å hoppe i taket av det ligge litt sveitt ost i hjørnet deira etter ein hardcore eksamen. Hihi.
Forresten har eg fått visum til Kenya og på måndag skal vi sende visumsøknad til Uganda. Jippi! Eg gler meg såå mykje, fem veker i Afrika!
Ein annan morosam ting. Eg og Viktor har fått alle i huset til å tru at han er gutten på leverposteiboksen. Det verste av alt er at alle måpar når dei samanliknar han med biletet og sier at dei er prikk like. Vi dett saman i latterkrampe kvar gong.
FY SØREN DEI LIGNA!!! haha
Tilslutt. Vi har russ på Atlantic College og.........

onsdag 28. april 2010

HAHA

Pass på skrivefeil.

Det er en stor forskjell på snurrebart og snurrebass. Det fikk kristenavisa Vårt Land erfare. Det ble telefonstorm på følgende fototekst:"Kapellan Yngve Kaspersen i Moss er tydelig stolt over snurrebassen sin.Det skal mye stell og tålmodighet til for å få en anstendig størrelse.Etter hvert tar det daglige stellet et par minutter. Det aller viktigstehjelpemiddelet er en god krem".

Det er også stor forskjell på potens og potensiale. I en artikkel, hvorordene er forvekslet, uttaler direktør Ole Johan Sandvand om det nyeSamlivssenteret på Modum Bad Nervesanatorium : "Det er store potenser i dennye avdelingen, hvor jeg kommer til å drive utadrettet virksomhet...".Flere av oss har vel erfart at det er fort gjort å trykke på feil tast.

For Ringerikes Blad fikk det fatale konsekvenser under åpningen av det nyekapellet på Tyristrand. Nyheten om at alle fikk sitte tross storoppslutning ble referert som "det var fullt med folk, men alle frammøttefikk fitte..."Feil fototekst. I blant forbyttes fototekster under bilder. I ensørlandsavis skjedde det. Under reportasjen om den nye fergen sto det "avhøy årgang, men likevel skjønn". Verre ble det derimot med teksten underbilde av dama som fylte 80 år "her er vår nye skjønnhet, med mulighet forinn- og utkjøring både foran og bak.."

tirsdag 20. april 2010

End og codes.....

Det her er siste veka andreåringane våre har ordentelege skuladagar med timar på skulen. Frå og med neste veke er det berre pugging til eksamen som tel. Det betyr at dei har total makt til å gjere det dei vil med oss førsteåringar. Ein kan plutseleg oppdage at senga ikkje lenger er på rommet, men no står på taket. Klesskåpet kan vere låst og du vert dildelt andre alternative antrekk å gå med. Det er faktisk litt morosamt å sjå folk går sundt med ein kjloe laga av avispapir eller personar som berre går rundt med eit flagg rundt kroppen. Heldigvis er det ingen som har tatt senga mi endå, og eg har forsatt alt på plass i hjørnet mitt. Forøvrig måtte eg gå med matchande skjerf, jakke og sokkar og ei blomstrande strømpebukse i dag, eg helt nesten på å smelte. Ryggsekken min var ein plastikkpose frå Tesco som sprakk etter to timar...
På fredag har vi vår første eksamen, norsk, så har vi helga å pugge på før det er eksamenar kvar dag i neste veke. Plutseleg sit alle på biblioteket og alle andre plassar og les febrilsk i stden for å vere ute i sola å sole seg. hmm..
Forige sundag hadde Sunley House den årlege grillfesten og sola sto midt på den blå himmelen. Alle sofaer var bært ut og Boya og Yifan våre kinesiske meisterkokkar grilla både normale, halal og vegetarburgera til nesten sytti personar. Det var ein strålande dag, berre så uendeleg trist å tenke på at om fem veker er det første året mitt på Atlantic College over og andreåringane vil ikkje vere her når vi kjem tilbake etter ferien.

mandag 12. april 2010

Mykje sol og litt stress

No er sumaren her, sola skin alle er kjempeglade og ein spelar Ultimate Freesbee for harde livet på Second Lawn utanfor vårt fantastiske slott! I tillegg står påskeliljene her i full blomst.
Derfor er det ikkje like kjekt å tenke på at vi har End of Term Exams om berre to snaue veker, og dei fleste sit på biblioteket og gjer lekser i staden for å kunne nyte godveret fullt ut. Sidan eg var i Noreg i to veker må eg og gjere eit coursework i geografi på toppen av det andre arbeidet eg har frå før. Kjempemessig, men null stress enn så lenge. På fredag var læreren vår så snill og lot oss ha norsktimen vår utandørs så vi kunne nyte sola.

Ein annan god ting er at eg har tinga flybilettar til Kenya i sumar. Eg skal tilbringe fem veker i Kenya og Uganda med omlag 16 andre studentar frå Atlantic College. Det er romkameraten min, Christine frå Uganda og Happyness frå Kenya som har organisert prosjektet. Vi skal mellom anna malle nokre klasserom, bygge nokre skur, lære elevar engelsk og vere med funkjsonshemma born på ein skule. I tillegg trur eg at vi skal på ein safari og!!! Det kriblar i magen allereie no.
Ein annan ting som er vedt å nevne er jo at før eg drog heim var eg med å sprine 10 km, eit løp som skulen arrangerer kvart år. Det var svært tilfredsstillande å komme seg heilskinna i mårl,
men løpet resulterte jo sjølvsagt i verdas største gnagsår på begge hælane mine. Eg klarte berre å gå i sokkar i to dagar etterpå, inkludert på flyplassane då ek skulle heim. Eg og Viktor sprang med den her plakaten heile løpet, for å reklamere for Leger Uten Grenser, i tilleg var Viktor kjøpt og betalt og sprang 10 kilometer i våtdrakt og våtdraktsko. (!) Creds til han!
Her er vi svette, slitne og lukkelege etter å ha kommt oss til mål!

lørdag 3. april 2010

Snart er det sumar

Det er vanskeleg å ta innover seg at det er april og vår, til og med her i kalde Noreg. I dei to små vekene eg har vore heime har det gått frå å vere vinter og sluddsnø til at sola skin og blomane sprett ut her og der. Det gjev ei ganske god kjensle!
No er det Longweekend, men det har eg eigentleg ikkje lagt merke til sidan eg har vore heime i snart to veker. Vekene har gått opp i røyk, og når eg returnerer til AC på måndag er det vel knapt sju veker til siste skuledag. Det er ein litt trist tanke, og litt godt. Alltid deilig å komme heimatt.
Ein annan ting eg kanskje skulla ta til å gjere noko med er å lese til End of Term Exams, som vi skal ha om to veker. Dei tel jo ikkje mindre enn 90% på dei karakterane som vert sendt til universiteta vi søkjer på neste år. Dessuten har lærarane starta med å gje oss innleveringar som har innverknad på den endelege IB - karakteren. Plutselig blei det så seriøst.
Velvel, i morgon skal eg nyte den siste dagen heime på ei stund, og tenke at det berre er plussminus 50 dagar til eg skal til Svelgen igjen. Eg gler meg til å komme attende til AC og få sjå alle saman igjen. Kjennast ut som ei evigheit sidan sist eg såg dei. I tillegg vil eg på einmpte ikkje at andre termin skal ta slutt, for det betyr jo at andreåringane vår ikkje k jem tilbake att etter sumarferien!

Hmm, god påske!

onsdag 17. mars 2010

På engelsk

Her er ein artikkel, Sarah frå England skreiv etter at vi kom tilbake frå Berlin. Artikklen er for skuleavisa vår og eit bald som heiter AC Magazine.

Berlin Project Week

Arriving in Berlin, we were greeted with an icy cold, and later even some snow. At least, I found it cold. Half of the 6 students being Norwegian, they probably wouldn’t agree.

On our first full day, we were taken to the central area of Berlin and told to explore, and Eirik and Caroline took advantage of this opportunity. The remaining 4 of us decided to look through the chocolate and toy sections of the Galleria department store. The area was actually very interesting but didn’t quite live up to our tour of the Prenzlauer Berg area with Christian’s (our teacher’s) brother. Here is one of many interesting quotes from our tour guide: ‘Berlin is a city of beer. You must know that.’

The next day we travelled to Potsdam, where we took a tour of the Sans Souci palace and then ate schnitzel for lunch. I was certain that schnitzel was a typical German dish and that we were being immersed in culture but alas, it was served with tagliatelle. On Sunday we were treated to a typical German brunch, of course in a Mexican restaurant. It must be noted, that our diet did include many bratwurst, currywurst, chocolate (of the German varieties only of course!) and our evenings included plenty of German beer (consumed by a select few) and a strange card game which Miguel seems to have invented.

Monday included a tour of the foreign office and tea with Christian’s parents, as well as a second visit to the Rittesport shop, much to Lina’s delight. Tuesday included a whistle stop tour of the Brandenburg gate, Humboldt University, book burning square, the new synagogue, the impressive Pergamon museum, however the majority of the afternoon was spent in a squat house full of artists and interesting graffiti, named Taacheles. Strangely Eirik felt very at home there.

Wednesday included a visit to a school in the east section of Berlin, where we were able to talk about Atlantic College, and also realise how lucky we are in our location and situation here at AC. We were treated to a tour of the Parliament buildings by a friend of Christian’s in the afternoon, which were a strange mixture of old and very modern architecture, as with many buildings in Berlin. Thursday was time to go home, but not before a visit to the vast Jewish museum, which somewhat overwhelmed me and Miguel!

We as a group would like to thank Christian for his time and effort into such an excellent trip, which both bettered our German and was extremely enjoyable. Who could have thought learning German could be so much fun?





We love Berlin.


= Sarah Pettem.


fredag 12. mars 2010

Ich bin ein Berliner


Wir sprechen ein bischen Deutsch!


Berlin... Ahh kvar skal eg byrje, for ein herleg by. Ser ein vekk frå at det var ein smule kaldt, sjølv for ein viking, og at eg fekk sand i kameraet mitt hadde vi ei strålande veke. Berlin var ein særdeles fascinerandes by, gatene der var megabreie. Der var mykje gammalt og mykje nytt. Vi fann ut at tyskarar har ein forkjærleik for glas og stålbygnungar. Der var og litt tagging her og der. Vi gjorde nesten alt, og litt til. Spesielt kjekt var det å bli geleida gjenn Riksdagen, Utanriksdeparemanget og bli tatt med rundt i det tidlegare austBerlin av ulike inside-ekspertar! i tillegg har eg blitt ekspert i å ta både U-Bahn, S-Bahn og Strasse-Bahn.
Det koselige Flostellet vi budde på, hadde ei endå koseligare resepsjonistdame, som gav oss både brus og kjeks, og te om vi var sjuke. I tillegg var ho halvt candisk, slik at ho forsto når vi snakka halvt tysk og halvt engelsk, prima! Eg fekk toppsenga, og ei litt for lita dyne, men eg hadde i det minste utsikt over elva. Flostellet låg rett ved Berlinermuren, der dei har laga grafittikunst for å minnast 20-årsjubilemuet for då den fall i fjor.
Sidan Chirstian, læraren vår, vaks opp i Berlin, kunne han det meste. I tillegg fekk vi drikke te hos foreldra hans. han tok oss og med til ein skule i detsom var austBerlin, der vi fekk sjå dei kvadratiske blokkene stå no, slik dei gjorde då. Vi fann ei pistolkule. Levane på skulen bar like gamle som oss, og vi kunne faktisk forstå kva dei sa utan å spørje på engelsk. Stolt!
Sarah, Miguel og eg fann og sjølvsagt vegen til den nyopna Ritter Sportbutikken. Vel, vi kjøpte kver våre fjell med sjokoldae, og eg tøysar ikkje. Vi åt og i tillegg til sjokolade, eindel currywurst og bratwurst, Berlin sine spesialitetar medan vi var der.
Nokre bilete, som er litt meir spannade enn teksten:
Vårt sær flotte Flostell, med utsikt over endene!
På museumsinsel. Eirik og eg på slutten av museumsbesøket vårt! Alle museuma vi var på, var faktisk veldig interessante og det tok lang tid før vi tok til å bli trøytte!
Ein av dagane tok vi toget til Potzdam, der vi mellom anna besøkte det her gamle palasset og drakk russisk te.
Tacheles, eit okkupert hus der det budde mange kunstnariske sjeler. Der fantest ikkje ein flekk som ikkje var tagga og det einaste lyset der, kom frå sola. Ganske stileg, spesielt at golvet var mistenkeleg skeivt. Eirik, var heilt i himmelen då vi var der, Sarah og ein smule. Ho kjøpte ein øyredobb der, men fekk streng beskjed av Miguel at ho ikkje fekk bruke den før etter at jo hadde reinsa den ordenteleg i alkohol.
Ritter Sport. Der var både museum og ein sjokoladebutikk i eitt. Spannande, Miguel kjøpte 2 kg sjokolade til seg sjøl, medan eg og Sarah "berre" kjøpte to 2 kg som vi delte og litt meir småtteri. Med tanke på at vi allerie har ete opp ein god del ser det ikkje lyst ut for 10 kilometerløpte som skal springast om ei veke.
Det var kjempemange kule tagginga i Berlin! Den her var frå ein av dei tyrkiske bydelane vi utforska.
Det biletet her treng vel inga forklaring...
På toppen av Riksdagen. Normalt sett kan turistar berre sjå toppen og utsikta over Berlin. Vi derimot fekk omvisning inne i bygget og fekk sjå dei ulike romma der viktige avgjersler vert tatt. det gjeld å ha dei rette kontaktane.
Miguel bestemte seg for å ta ein tur innom frisøren å klippe seg medan vi var der. Det kan vere ei risikabel utfordring når frisøren ikkje snakkar engelsk og Miguel ikkje kan så mange tyske glosar relatert til hår og hårfrisyrar...
Berlinermuren.
Etter ei veke med leiting, fann vi endeleg ein postboks der vi kunne poste alle postkorta vi hadde skrive!
Ich liebe.....