
Som dei dedikerte, sportsinterisserte og entusiastiske nordemennene vi er her, kan jo sjølvsagt ikkje OL gå upåakta hen! Eg må sei at eg vart bittelitt skuffa då ein person spurde meg og det verkeleg fantes noko slikt som Olympiske Leikar om vinteren. Sidan fjernsynskanalane her i Storbritannia er mest interissert i å sende akebrettkjøyring og liknande direkte, måtte vi ty til andre måtar for å få sjå heltane våre ta gull! Første gongen vi ville sjå, var som sagt ein smule mislukka då vi endte opp i Arts Department utan å få så mykje som eit glimt av noko som heltst. Heldigvis gav vi ikkje opp, og Viktor som den smartingen han er, klarte å få BBC til å fungere på datamaskinene på Computer Lab. Derfor stilte sikkert 15 av oss opp klare til å sjå langrennssprinten, og sjølvsagt hadde vi både Vestlandslefste, føagg og Freia MElkesjokolade! Nesten aldri før har det vore så spannande å følgje med, og aldri før har så mykje jubelrus fyllt Computer Lab. Gratulerer med gullet Marit.

I går var det skiskyting som sto på tapetet. Uææh, fy søren nesten litt for nervepirrande til tider. Heldigvis kapra vi både første og andreplass. Sidan vi ikkje likar å tape for svenskane, spesielt ikkje når dei bur i samme hus som deg, er det eksrta kjekt at Noreg no har fleire medaljar enn både Sverige og dei fleste andre land. No er det jo berre USA of Tyskland som har fleire medaljar, og det kan Noreg lett ta igjen, no som dei er i siget!!!





