lørdag 5. mars 2011

SPRING BREAK

Etter aa ha stappa hovudet fullt av kunnskap dei siste vekene, kjennast det det fantastisk aa ha ferie heilt til onsdag. MockExams var ikkje saa vedlig kjekt, men dei var faktisk ikkje like ille som forventa. Skrivemusklaturen i hogrehanda er heilt morbanka etter ikkje mindre enn 14 eksamenar og den hogre ringfingeren min har blittt ein smule deformert etter all skriving sidan eg held blyanten feil. Bibliteket var som regel litt fullare enn paa biletet under medan alle dreiv med sprengpugging dagen for ein eksamen.
No er alt slit gloymt for ei lita stunde, det er vaar og det er Spring Break, og den skal brukast paa ingenting og den skal tilbringast her:
DET ER VAAR I WALES



Eg var og paa IKEA i gaar for forste gong, berre for moroskuld saa eg tok toget til naeraste stasjon og fann vegen til IKEA heilt paa eigahand. Det beste av alt var at dei hadde svenske matvarer til salgs der, og det er jo nesten nork. Dei hadde Daim og dei hadde Ballerina-kjeks. I tillegg kom eg over eit spektakulaert tilbod, det var nemleg salg der og eg fann eit lite firkanta lysegult bord som berre kosta £1.28. Woho for eit rovarkjop, og det var megaenkelt aa skru saman og, eg klarte det heilt aleine. Eller tilbrakte vi kvelden ved Marcross: Eg, Vera, Pedro og Wonga. Ein saers god dag. Resten av veka skal gaa med til aa sjaa film, skrive brev, ta kjoyretimar og paa tysdag skal vi til Bristol. Paa fredag skal eg ha min tysk munnleg eksamen og eg skal snakke om Alpane, saa eg skal i morgon lage middag til tyske Christian og vi skal berre snakke tysk og vi skal berre snakke om Alpane saa det bor verte bra! Eg skal lage pasta forma som elgar forresten.