torsdag 30. september 2010

Ny dag, nye moglegheiter

I gaar var det siste del av Geography of Thought konferansen, og resten av veka har skulen satt av til at ein kan forbrede universitetssoknadar og gjere ferdig Extended Essays osv, medan forsteaaringane vaar har FirstAid Week. Konferansen var faktisk virkelig god, og veldig interessant! Der var ei fin blanding av gjesteforelesarar, og i tilegg hadde vi break - out groups for aa diskutere det va akkurat hadde hoyrt, og kva vi kan gjere her paa skulen for betre laering osv. Ein av forelesarane var faktisk fraa Noreg, Anders Breidlid. Han hadde akkurat vore i Sudan og vore med aa utarbeida nye skuleboker og liknande der nede. Der var mange ulike tema som blei diskutert, nokre av dei var melom anna: korleis hjernen fungerer og kva vi kan gjere for aa betre vaart laeringsutbytte, korleis ulike perspektiv paaverkar vaar laering. I tillegg hadde vi diskusjonar om Kurt Hahn og mannen som fann opp atombomba. Eit sporsmaal vi diskuterte i den siste Break - Out sessionen vaar var: To what extent do we tolerate and not understand in AC? Noko aa tygge paa for ein kver.

No er det uansett fire dagar med fri for oss som ikkje har tenkt aa gaa paa universitet i USA eller UK, saa derfor skal eg nytte anledninga til aa gaa til Llantwit og plukke bjornebaer. Det er kjempegodt, og det veks jo ikkje heime. I tillegg skal eg vurdere aa gjere litt lekser.


Her er forresten eit bilete fraa daa vi avslutta fasta:

lørdag 25. september 2010

Geography of thought

Neste veke skal vi ha noko som heiter Geography of thought konferanse her paa skulen. Dette er ein AC Diploma Period, og det betyr at vi ikkje har vanleg skule, men fokuserer spesielt paa eit spesielt omraade. Vi skal ha mange forelesingar, diskusjonar og workshops gjennom heile veka fram til onsdag, resten av veka skal forsteaaringane ha First Aid Week. Poenget med den veka her er at vi skal vere involvert, bli inspirert og laere korelis vi kan utvikle omraada vaare for laering og tenking. Den veka her kjem garantert til aa verte bra!

tirsdag 21. september 2010

FASTING

I dag fastar halve skulen for å vise solidaritet for folk som lev i hungersnaud verda over. Alle pengane vi sparar på å ikkje ete går til Leger Uten Grenser, og ernæringsprogramma dei har rundt om i verda. Fastinga har vart sidan etter frukost i dag tidleg, som var klokka 08.00 og varer til 20.00 i keld. Då skal vi møtast i matsalen på slottet for å "break our fast." (Veit ikkje om ein kan sei brekke fasten, høyrtest litt mistenksomt ut. ) Uansett då får vi servert suppe, og seinare skal eg og to andre bake kake som vi og skal ta med. Akkurat no er eg ganske svolten, men vi har heldigvis lov til å drikke vatn, og dei som nettopp har fasta ein månad for Ramadan tykkjer ikkje det er så gale. Det er jo berre fire timar att, så dette skal gå bra. Vi samlar inn rundet 300 pund, som er sånn cirkus 3000 kroner på å la vere å ete ein dag. Det er ikkje så dårleg det.

Forresten har eg levert inn matteprosjektet mitt i dag. Ein mindre ting å tenke på. Jippi! Ein anan ting å notere. No er det berre omlag tre veker att til Lena og Frida kjem på besøk, og det er berre ein månad til eg skal heim i 10 dagar! I tillegg har vi neste veke ikkje vanleg skule, men noko som heiter AC Dimploma Period, der fokuset ligg på "Education & Geography og Thought."

onsdag 15. september 2010

Ny veke, meir lekser

Forige torsdag var det baade jodisk nyttaar og id for muslimar, og det vart feira med eit stort fellesmaaltid i Sunley for alle som ville! Baade jodisk nyttaar og id er feiringar som ein kan samanlikne med det at vi feirar jul, og for mange var det fyrste gongen aa ikkje feire saman med familiane sine sidan dei er paa den andre sida av kloden. Romkameraten min Jemilat fra Nigeria og England hadde fasta i 31 dagar, det ver vel strengt tatt det dei fleste muslimar gjer daa dei fastar. Uansett sto alle muslimane og dei andre som fats frivilleg opp kvar natt klokka tre for aa ete for soloppgong og fasta gjennom heile dagen til dei braut fasten klokka aatte dagen etter. Dei har ei utruleg vilje, tredje termin er alt anna enn lett, utan fasting innlagt i timeplanen.


Denne veka har hittil vore like megastressande som dei to fyrste vekene med skule var. Eg torr aa paastaa at "stresset" heime i Noreg ikkje kan maale seg med alt det skulearbeidet vi har her paa AC akkurat no! I tileeg til vanlege lekser har vi coursework som tel paa sluttkarakteren vaar, og i tillegg til det har vi ein stil paa 4000 ord og andre presentasjonar vi maa levere inn. Spesielt stressande er det daa eg ikkje var altfor flink til aa gjere unna litt lekser i sommarferien. Heldigvis er livet her framleis ganske fantastisk, spesielt sidan namnet mitt har vore paa pakkelista to dagar paa rad. Eg og Jemilat fekk nemleg pakke fraa den gamle romkameraten vaar Yuho fraa Japan i gaar som var stappfull av all slags herleg japansk godteri i tilleg til andre sote overraskingar. Paa toppen av det heile fekk eg pakke fraa mamma og dei i dag med nye forsyninga og teikningar, noko eg verkeleg hadde bruk for etter ei kjempekjemiprove i seks kapittel! Kan ikkje seie at eg er ein stor fan av entalpiendringar, delta H og andre skrekkelege formular.

Heldigvis tek dei sote smaa forsteaaringane vaar godt vare paa oss: Dei masserer oss og bakar kaker og muffin for aa gjere kvardagen vaar enklare. Kor vidunderleg!

Massagerekke. Bak: Avni(Canada), Maria(Hellas, Billa(U.S.A - Texas), India(Australia) og Nadya(Indonesia) som og er den nye romkameraten min.
Almog(Israel), Avni(Canada), Eliza(U.S.A - Pennsylvania), Hannah(U.S.A - Calefornia), YiaJing(Malaysia), Mizuki(Japan/Noreg), Morag(Botswana) og eg.

mandag 13. september 2010

Innsamlingsaksjon for flormofra i Pakistan

Pakistan ramma av den storste naturkatastrofa i nyare tid. Ein femtedel av landet, dvs eit omraade paa storleik med Italia, er lagt under vatn og meir enn 20 millionar menneske har vorte heimlause som folge av flommen. Saa langt har meir enn 1600 perosnar mista livet og det er venta at dodstalet vil stige ettersom sjukdommar sprer seg i vatnet og folk ikkje lenger har hverken hus eller mat. Alle provinsane i Pakistan er ramma av flomnmen.
Faizan of Isma som begge er fraa Pakistan tok intiativ til aa arrangere ein innsamlingsaksjon i Llantwit for aa komme med eit bidrag til flomofra gjennom hjelpeorganisasjonen CARE-international. Faizan fortalde at mor han som er lege, no jobbar 14 timar kvar dag paa eit sjukehus der dei tek imot flomoffer! Slike hendingar kjem saa utruleg mykje naerare her paa AC, naar eg faktisk kjenne personar som kjem fraa land der det skjer. Vi var rundt 40 studentar som hjalp til med aa samle inn pengar, og pakka varer for kundar og gjorde dei merksame paa kva som har skjedd. Folk i Llantwit er utruleg hjelpsame og imotekommande og innsamlingsaksjonen gjekk over alle forventningar. Vi samla inn over 10500 kroner, og i tilleg kom sjefen for veldedigheitsbutikken in Llantwit og sa at han gjerne ville donere ein sjekk paa 5000 kroner til saka, og han ville setje opp bosser i butikken sin. Utruleg.
Leger Uten Grenser, som er ein aktivitet her paa skulen skal og ha fokus paa arbeidet dei gjer i omraadet framover. Og om to veker skal vi ha ein fastedag, der pengane vi sparar paa aa faste skal gaa til Leger Uten grenser.

torsdag 9. september 2010

Sportsweek

No er Sportsweek i full gong, og så langt har husa konkurrert i rugby, volleyball og basketball. I dag er det Ultimate Frisbee som står på tapeten! Og i dag skal vi vinne, vo kom på andreplass både i volleyball og basketball, men alle gode ting er jo tre! Samanlagt ligg huset mitt no på tredjeplass, og etter at vi vinn i kveld har vi sikkert klatra minst ein plass opp på lista!
Den veka her har sust av garde, og i morgon er det helg att. Det betyr Pub-induction for alle førsteåringane våre! Det kan verte interessant...

I tillegg får eg besøk av to herlege, Frida og Lena i haustferien deira i nesten ei heil veke. Gleda meg, og eg har allereie starta nedtellinga til dei kjem.

torsdag 2. september 2010

SOL ... og lekser

Tredje termin har offisielt starta og forste veke med skule og codes er snart over. I morgon, fredag, ventar den lengste dagen av alle, med skule fraa klokka er aatte til den er halv fem. HEHE. Eg merkar allereie at aa vere andreaaring, innebaere meir skule og lekser, mykje meir enn i fjor. Denne veka har eg sikkert gjort lekser i minst tre eller fire timar kvar dag, og ifolge mine andreaaringa skal det verte slik heilt til jul... Vel, vel sola skin i det minste ute!
I tillegg har vi faat tildelt oppgaaver for kva vi skal gjere i Lifeguards det her aaret. Heldigvid fekk eg dei to jobbane eg helst vill ha: Children Swimming der vi laera ungar fraa 2 til 5 aar aa symje og First Aid Instructor der vi skal laere lokal ungdom i Lllantwit om grunnleggande forstehjelp. I tilegg sa dei at vi sikkert faar leie timane etter aa ha saatte gjennom dei i nokre faa veker.
Den helga her er uansett spekka med begivenheiter. I morgon er det FirstSOSH og paa laurdag er det FirstYearShow og etter Check-In skal vi ha House Movie Night. Og om ein halvtime skal huset vaart Sunley spele den aarelege huskampen kampen mot Morgannwg. I fjor vann Morgannwg saa i aar er det paa tide aa hevne seg.

Her er eit bilete fraa Camp!