fredag 15. januar 2010

Forste veke overstaatt

Den forste veka tilbake paa Atlantic College er snart forbi, og eter ei veke med sprenglesing er eg ferdig med boka eg skulle ha lest i julefrien. Den veka her var eg saa snill at eg laga TORO blomkaalsuppe til romkameratane min, og i tilleg laga eg TORO tomatsuppe i gaar daa Lifeguardgruppa vaar laga middag. Ser ein vekk fraa det faktum at blomkaalsuppa kokte over to gongar og berre halv innhaldet var igjen i panna da den var ferdig, tykkjer eg at eg har tatt eit stort steg naar det gjeld mine kokkekunstar. Eg skal bli flink det semesteret her, har teke med meg eit stort utval av gode norske torrvarer! Ingenting er jo som norsk mat.
Om mindre enn tre veker har Lifeguards sin forste av to eksamenar. Eg har framleis berre gjort tre av dei sikkert ni arbeidsarka vi maa ha gjort ferdig i permen vaar. Viss ein ikkje fyl ut dei stryk ein. Derfor er det jo ekstra bra at det tar saann crikus 10 minttar aa lese seg gjennom to sider. Det vert skippertak i helga. Heldigvis er ikkje det her den vanskelege eksamenen vaar, den skal vi ikkje ha for i mai. Heldigvis, for medan eg var heime i jula blei "Timeswimen" min plutseleg 42 sekundar daarlegare enn den var for eg reiste heim. Blir ganske kult naar vi kan springe rundt som dei i "Baywatch" til sumaren.
Unasett har eg gloymt igjen den kabelen som gaar fraa kameraet til dataen heime, og brillene mine. Det var skikkelig kjekt aa oppdage at brllene mine ikkje var i bagen, naar det venstre auget mitt blei rosa den forste dagen. Haha!

- Slik eg ser for meg Lifeguradtilvaeret. (Det er ikkje slik.)

torsdag 7. januar 2010

Me sjåast snart, Svelgen!

No er eg endeleg ferdig å stappe mest mogleg ned i bagen og sekken min. Om ein time reiser eg o resten av familien med nattbussen til Oslo, og på laurdag reiser eg attende til Wales. Eg gledar meg no. Den ferien her har vorte utnytta til det fulle! Fem veker med juleferie virka som ein veldig lang ferie, men vekene og dagane har floge forbi. Kjem til å sakne all snøen, men eg trur faktisk at det er litt snø i Wales no og. Eg håpar på det, vert kjekt å sjå fjeset til ein person som som ser snø for første gong!
Faktisk tykkjer eg eigentleg at det er betre å reise attende no når eg veit kor godt ein har det på Atlantic College. At det har levd opp til alle forventingar, eg kan faktisk ikkje heilt higse kva for nokre forventingar eg reiste med. Prøvde vel ikkje å ha for høge forventinigar, men Atlantic College var mykje betre enn det eg hadde sett føre meg før eg drog.
Neste termin er nesten dobbel så lang som første termin, så det kan no verte spannande, haha. Ser vertfall fram til mars, då alle "tyskarane" på skulen skal til Berlin på Project week i seks dagar. Ein annan ting eg ser fram til er når vatnet i Bristol Channel vert litt varmare, har ei kjensle av at det vert litt kaldt å symje i sjøvatnet i januar og februar.

Uansett, kjem til å sakne dåke alle saman!!!


- Leirplass midt i øydemarka. Neste gong skal vedkubbane, og ikkje bere avispapira ta fyr!
- Eg saknar dåke allereie eg. Ikkje set fyr på hybelen!
- Winter Wonderland!