torsdag 7. januar 2010

Me sjåast snart, Svelgen!

No er eg endeleg ferdig å stappe mest mogleg ned i bagen og sekken min. Om ein time reiser eg o resten av familien med nattbussen til Oslo, og på laurdag reiser eg attende til Wales. Eg gledar meg no. Den ferien her har vorte utnytta til det fulle! Fem veker med juleferie virka som ein veldig lang ferie, men vekene og dagane har floge forbi. Kjem til å sakne all snøen, men eg trur faktisk at det er litt snø i Wales no og. Eg håpar på det, vert kjekt å sjå fjeset til ein person som som ser snø for første gong!
Faktisk tykkjer eg eigentleg at det er betre å reise attende no når eg veit kor godt ein har det på Atlantic College. At det har levd opp til alle forventingar, eg kan faktisk ikkje heilt higse kva for nokre forventingar eg reiste med. Prøvde vel ikkje å ha for høge forventinigar, men Atlantic College var mykje betre enn det eg hadde sett føre meg før eg drog.
Neste termin er nesten dobbel så lang som første termin, så det kan no verte spannande, haha. Ser vertfall fram til mars, då alle "tyskarane" på skulen skal til Berlin på Project week i seks dagar. Ein annan ting eg ser fram til er når vatnet i Bristol Channel vert litt varmare, har ei kjensle av at det vert litt kaldt å symje i sjøvatnet i januar og februar.

Uansett, kjem til å sakne dåke alle saman!!!


- Leirplass midt i øydemarka. Neste gong skal vedkubbane, og ikkje bere avispapira ta fyr!
- Eg saknar dåke allereie eg. Ikkje set fyr på hybelen!
- Winter Wonderland!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar