søndag 29. august 2010

August Period

Daa vi endeleg komm attende til AC etter ti veker med sommarferie, hadde vi nesten to veker der vi berre gjorde comunity service, altsaa gje noko tilbake til lokalsamfunnet rundt skulen. Eg er i Lifeguard Service, saa det eg gjorde desse vekene var aa patruljere to strender Southerdown & Ogmore Beach, i tillegg til aa planlegge oppgaavene vaare for det kommande aaret. Ganske greitt aa faa lov til aa patruljere strender paa ekte, sidan det er det vi har jobba fram imot i eit heilt aar. Vi fekk oving i alle oppgaavene dei betalte Lifeguardane gjorde, og vi kan sokje paa sommarjobbar som Lifeguardar seinar, noko som er nyttig vil eg tru. Heldigvis var det ingen som var i havsnaud medan vi patruljerte, men det var ein liten gut som datt paa ein stein og forstua ankelen sin...

(C) 2010, Photo by Henry O'Sullivan- All Rights Reserved.

I tillegg var vi paa campingtur i tre dagar til ein smaaby to timar fraa skulen, Tenby. Den forste dagen pakka vi vaatdraktene i bagane vaare og hekta paa kayakkhengeren paa minibussen og koyrte til naeraste strand, og var paa ein tretimar lang kayakktur for drog attende og aat middag og sov. Det er slitsamt aa padle. Vi var den siste av tre grupper som var paa camp, derfor var soveposane vaare i telta noko vaate, sidan det hadde regna dei siste dagane for vi kom. I tillegg hadde dei andre gruppene brent opp all veden, saa vi maatte samle saman ved fraa skogen. Dag to av campingturen sto vi opp og pakka ned lunsj for vi igjen tok paa oss dei not vaate vaatdraktene vaare og drog paa ein ny kayakktur. Denne gongen skulle vi padle rundt ei diger oy, som var bebudd av munkar. Vi brukte sju timar, og det var utruleg tungt sidan vi halve turen padle baade mot straumen og i motvind. Likevel var det verdt det tilslutt sidan det dukka opp tre selar som symde etter oss nesten heile turen, og eg fekk klappe den eine med aara mi. Vi stoppa paa to av strende for aa ta pauser og ete lunsj, skulle nesten tru det var ei tropisk oy. Vatnet var krystallklart og klippene og smaaoyene rundt saag ut som dei gjer paa film.

Caldy Island, oya vi padla rundt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar