Paa torsdag er det alvor paa tull! Daa har vi intense TrialExams i ei veke framover, for det endeleg er SpringBreak som eg skal tilbringe her. I morgon har eg og for sikkerheits skuld tysk munnleg eksamen, som eg skal framfore aleine med tysklaeraren min. Smarte meg valgte jo og sjolvsagt eit tema der ikkje staar saa mykje om paa intenett, nemleg Hoppuka. Tysklaeraren min hadde ikkje eingong hoyrt om det, saa eg har bestemt at han ikkje kan vite saerleg mykje om tysk kultur! Uansett det var eit teit tema, saa eg maa prove aa skvise saa mykje info utav Wikipedia som eg overhodet klarar, hehe.
Min TrialExam periode ser slik ut:
Torsdag: Politikk.
Fredag: Tysk.
Mandag: Norsk.
Tysdag: Geografi og Kjemi.
Onsdag: Kjemi og Matte.
Torsdag: Matte. (Pa torsdag har eg og kjoyretime. Lurer paa kortid eg skal laere meg at ein faktisk kjoyrer paa VENSTRE side av vegen her.)
Som siste innspurt pugging var eg paa Mattetutorial i gaar med David Ried som er eit geni i matte, noko eg ikkje kan sei om min faste laerar. Eg veddar paa at eg laerte meir paa ein time i gaar enn eg har laert paa eit aar i matteklassen. Alt min mattelarar gjer er aa kaste ei sky med bommull over deg naar du spor eit sporsmal, eller det kjennast vertfall slik ut fordi ein vert endaa meir forvirra av aa stille sporsmaal enn aa vere stille som ei mus.
Uansett. I gaar fekk eg den mest herlege overraskinga eg kunne tenkte meg nokon sinne. Namnet mitt var paa Package List, eller der sto: Lins Vagene, men eg rekna med at dei meinte meg, saa eg gjekk til ThePortersOffice og fekk pakken min. Saa spurta eg attende til dormen min og reiv av papiret og ut velta ein Coopmarked-pose! Inni der igjen velta det ut GODSAKER og to megafantastiske brev fraa to megafantastiske personar: Frida og Katrine! No prydar dei veggen min slik at eg kan nyte deira kunstnariske evner, og godsakene ligg og freistar i skuffa. P.S til Frida: Eg har gjoymt det slikt at Hannah ikkje skal stele dei, slik instruksen var! Uansett, den pakken var overveldande.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar