fredag 30. april 2010

Endelig fredag

ENDELIG! First Year Exam er over, takk og pris for det. Det har vert den mest intense veka eg nokon gong har vore med på, utan samanlikning. Forige fredag hadde vi første eksamen, som var norsk, og den veka her var det tysk på måndag, politikk og geografi på tysdag, kjemi på onsdag og ... matematikk igår. I tilegg er det mange som har SATs i morgon, for eit maraton, hjernen min er heilt innskrumpa og oppbrukt, den treng å bli lada opp før den er klar til bruk att. Puh, ganske morosamt at dei eksamenane vi har her varar i to timar, og ikkje fem slik dei gjer i Noreg. Alle andre syns det er hysterisk morosamt at vi kan gå på luftetruar med pensjonistane som passar på oss og trur heilt seriøst at vi tar med oss soveposar på eksamen! Likevel forventar ein at vi skal skrive like mykje og like bra, for hand sjølvsagt. Akkurat er den eine fingeren min ein smule deformert! Ein god ting er at eg har blitt superkvikk å skrive no, weeho. Endå ein lite fin ting er jo at det har tatt til å regne her no, etter tre veker med strålande ver. Typisk, når vi no endeleg er ferdige og har tid til å nyte sola, så forsvinn den sjølvsagt.
For andreåringane våre er det no alvoret starta, deira ekte eksamenar startar på måndag. Biblioteket og alle klasseromma over heile Campusen er stappfulle av studenta som lese febrilsk for å stå IBen sin. Til og med Quiet Room i huset vårt er stille, merkelig det pleier det aldri å vere. Uansett er det litt synd i dei, stakkarsane. Derfor er det eit veldig fint system at førsteåringane blir IB - buddy for andreåringane i husa sine. Det betyr at vi er snille og skrive fine ting til dei for å muntre dei opp, og så gjev vi dei meir mot og gjerne mykje sjokolade og anna kliss! Eg har to IBbuddies jack frå Wales og Boya frå Kina. Eg virderer strekt å gje dei knekkebrød med brunst, sjølv om eg tvilar sterkt på at dei kjem til å hoppe i taket av det ligge litt sveitt ost i hjørnet deira etter ein hardcore eksamen. Hihi.
Forresten har eg fått visum til Kenya og på måndag skal vi sende visumsøknad til Uganda. Jippi! Eg gler meg såå mykje, fem veker i Afrika!
Ein annan morosam ting. Eg og Viktor har fått alle i huset til å tru at han er gutten på leverposteiboksen. Det verste av alt er at alle måpar når dei samanliknar han med biletet og sier at dei er prikk like. Vi dett saman i latterkrampe kvar gong.
FY SØREN DEI LIGNA!!! haha
Tilslutt. Vi har russ på Atlantic College og.........

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar