lørdag 3. april 2010

Snart er det sumar

Det er vanskeleg å ta innover seg at det er april og vår, til og med her i kalde Noreg. I dei to små vekene eg har vore heime har det gått frå å vere vinter og sluddsnø til at sola skin og blomane sprett ut her og der. Det gjev ei ganske god kjensle!
No er det Longweekend, men det har eg eigentleg ikkje lagt merke til sidan eg har vore heime i snart to veker. Vekene har gått opp i røyk, og når eg returnerer til AC på måndag er det vel knapt sju veker til siste skuledag. Det er ein litt trist tanke, og litt godt. Alltid deilig å komme heimatt.
Ein annan ting eg kanskje skulla ta til å gjere noko med er å lese til End of Term Exams, som vi skal ha om to veker. Dei tel jo ikkje mindre enn 90% på dei karakterane som vert sendt til universiteta vi søkjer på neste år. Dessuten har lærarane starta med å gje oss innleveringar som har innverknad på den endelege IB - karakteren. Plutselig blei det så seriøst.
Velvel, i morgon skal eg nyte den siste dagen heime på ei stund, og tenke at det berre er plussminus 50 dagar til eg skal til Svelgen igjen. Eg gler meg til å komme attende til AC og få sjå alle saman igjen. Kjennast ut som ei evigheit sidan sist eg såg dei. I tillegg vil eg på einmpte ikkje at andre termin skal ta slutt, for det betyr jo at andreåringane vår ikkje k jem tilbake att etter sumarferien!

Hmm, god påske!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar