For å nyte den herlige dagen gjekk Cristins, Pedro, Hugo og eg på sundagstur til Nash Point. Det er eit fyrtårn eit par kilometer frå AC, og når ein går langs klippene får ein ei herlig utsikt på kjøpet! I tillegg skulle Hugo og Pedro ta bilder til eit mediaprsjekt på ein av åkerane på vegen. Eg har funne ut at eg faktisk kan nokre ord og frasar på spansk no, det er nesten uungåelig å lære litt spansk viss ein er med latinoar heile tida. Hadde eg teke spansk hadde eg jo hatt gratishjelp heile tida!
Seinare laga eg graut og Viktor tok med både flagg og Freia Melkesjokolade då vi skulle sjå skiskytterstafetten. Veldig patrioisk, men det må til... Heidi, Ola, Viktor og eg satt ogg var spente tilskodarar, og alle blei særs skuffa då linken ikkje fungerte. Vi endte opp med oppdateringar på VG.no. Halvar Hanevold: treff, treff, bom, treff. Vel det er ikkje heilt det same. Etter sølvmedaljen gjekk vi og såg slutten av South West Asian National Evening, og eg har no skikkelig lyst å lære meg å danse slik dei gjorde det!




Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar