tirsdag 9. februar 2010

Eit innlegg

No er det om å gjere å passe seg mest mogleg. Folk har nemlig tatt til å verte sjuke og forkjøla her igjen. På sundag var eg heilt sikkert på at hosten, som varte i ein månad forige termin, hadde returnert, men den var heldigvis ikkje det. Alle virusa frå alle verdenhjørner her, gjer det ganske enkelt å bli sjuk, og sidan det skjer veldig mykje her, er det ikkje alltid like lett å få tid til å slappe av for å bli betre. Eg satsar på å ikkje verte så veldig sjuk medan eg er her, kva skal ein gjere når man er sjuk utan ei mor som kjem ilande til med både det ein og det andre berre du nys?

Nokre av dei som tar musikk her, hadde konsert i dag, som blir teke opp på band for å bli eksaminert. Dei er vilt flinke. I dag var det mellom anna ei fiolinframføring, ein som hadde komponert eit stykke og operasang. Veldig greitt å kunne høyre på slikt, ein tysdagskveld. I kveld var alle og Skandinavane samla i huset til Jon Morten, norsklæraren vår, og hadde vaffelkveld. Dei kveldane er alltid så koselige. Vaffler med brunst og syltetøy...nam. Sidan Viktor er sjuk, tok vi sjølvsagt med ei godbedringsvaffle tilbake til han. Trur han vart litt friskare berre han lukta på den.

I tillegg har Harry og Emily laga design til House - T shirtane våre. Karikaturane er faktisk kjempelike! haha.

2 kommentarer:

  1. No fekk eg verkeleg lyst på vaflar gitt!! Eg trur jommen eg skal lage det på søndag:p Konserten høyrdes kjempefin ut, det fekk meg til å glede meg til fredag. Eg, Tore og (kanskje) mamma skal nemleg på Verdis requiem konsert på operaen på Eid, der skal musikklinjekoret vere med:D:D
    Klemzzz

    SvarSlett
  2. Stilig. Eg og har lyst på opera, eg har aldri vore på opera før! Høyrast bra ut. :D :D

    SvarSlett