onsdag 3. februar 2010

Oppdatering

Noke er gale med bloggen min, og eg skuldar på det dårlege internettet her. Det er umogleg å legge ut bilete å slike ting. Vel, vel det får bere verte slik.

I andre termin har det definitivt vore meir å gjere enn det var før jul, men dete r jo bra og på ein måte. Forige laurda laga romkameraten min, Yuho(Japan) sushi, og det var faktisk skikkelig godt, om ein ser vekk frå sjøgraset. Og ho lova at ho snart skulle lage skikkelig sushibord med masse rå fisk og alt som høyrer til med sushien!

I helga hadde vi den teoretiske delen for å bli Pool - Lifeguard, og eg klarte så vidt det var å stå. Kvelden før hadde eg, Henry(Kina) og Sarah(UK) studiesesion og las for harde livet for å verte ferdog med oppgåvearka våre, og som belløning baka vi kake. Det var eigentlig fordi Henry aldri hadde baka ei kake før, og då måtte vi sjølvsagt lære han det. Resultatet var vellukka. I går hadde vi den praktiske delen, som faktisk gjekk ganske greitt. Hittil har alle som er i gruppa mi bestått, så gruppeinstruktørane våre bør vere veldig stolte. Som oppladning til eksamen hadde vi eit gruppemåltid forige veke, og alle tok med seg litt av kvart. Dei sa at TORO-tomatsuppa mi var den beste tomatsuppa dei hadde smakt! hah.

31. januar hadde vi Nordic National Evening. Då framstilte vi alle nordiske, helst norske, steriotypar på beste måte. Alle som har med seg bunaden sin hit hadden den på seg, og showet blei ein stor suksess. Eg er veldig fornøgd med å ha stått på stolen med stokken og hatten då dei som dansa halling skulle sparke den ned.

Ellers har det tatt til å regne!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar