fredag 12. mars 2010

Ich bin ein Berliner


Wir sprechen ein bischen Deutsch!


Berlin... Ahh kvar skal eg byrje, for ein herleg by. Ser ein vekk frå at det var ein smule kaldt, sjølv for ein viking, og at eg fekk sand i kameraet mitt hadde vi ei strålande veke. Berlin var ein særdeles fascinerandes by, gatene der var megabreie. Der var mykje gammalt og mykje nytt. Vi fann ut at tyskarar har ein forkjærleik for glas og stålbygnungar. Der var og litt tagging her og der. Vi gjorde nesten alt, og litt til. Spesielt kjekt var det å bli geleida gjenn Riksdagen, Utanriksdeparemanget og bli tatt med rundt i det tidlegare austBerlin av ulike inside-ekspertar! i tillegg har eg blitt ekspert i å ta både U-Bahn, S-Bahn og Strasse-Bahn.
Det koselige Flostellet vi budde på, hadde ei endå koseligare resepsjonistdame, som gav oss både brus og kjeks, og te om vi var sjuke. I tillegg var ho halvt candisk, slik at ho forsto når vi snakka halvt tysk og halvt engelsk, prima! Eg fekk toppsenga, og ei litt for lita dyne, men eg hadde i det minste utsikt over elva. Flostellet låg rett ved Berlinermuren, der dei har laga grafittikunst for å minnast 20-årsjubilemuet for då den fall i fjor.
Sidan Chirstian, læraren vår, vaks opp i Berlin, kunne han det meste. I tillegg fekk vi drikke te hos foreldra hans. han tok oss og med til ein skule i detsom var austBerlin, der vi fekk sjå dei kvadratiske blokkene stå no, slik dei gjorde då. Vi fann ei pistolkule. Levane på skulen bar like gamle som oss, og vi kunne faktisk forstå kva dei sa utan å spørje på engelsk. Stolt!
Sarah, Miguel og eg fann og sjølvsagt vegen til den nyopna Ritter Sportbutikken. Vel, vi kjøpte kver våre fjell med sjokoldae, og eg tøysar ikkje. Vi åt og i tillegg til sjokolade, eindel currywurst og bratwurst, Berlin sine spesialitetar medan vi var der.
Nokre bilete, som er litt meir spannade enn teksten:
Vårt sær flotte Flostell, med utsikt over endene!
På museumsinsel. Eirik og eg på slutten av museumsbesøket vårt! Alle museuma vi var på, var faktisk veldig interessante og det tok lang tid før vi tok til å bli trøytte!
Ein av dagane tok vi toget til Potzdam, der vi mellom anna besøkte det her gamle palasset og drakk russisk te.
Tacheles, eit okkupert hus der det budde mange kunstnariske sjeler. Der fantest ikkje ein flekk som ikkje var tagga og det einaste lyset der, kom frå sola. Ganske stileg, spesielt at golvet var mistenkeleg skeivt. Eirik, var heilt i himmelen då vi var der, Sarah og ein smule. Ho kjøpte ein øyredobb der, men fekk streng beskjed av Miguel at ho ikkje fekk bruke den før etter at jo hadde reinsa den ordenteleg i alkohol.
Ritter Sport. Der var både museum og ein sjokoladebutikk i eitt. Spannande, Miguel kjøpte 2 kg sjokolade til seg sjøl, medan eg og Sarah "berre" kjøpte to 2 kg som vi delte og litt meir småtteri. Med tanke på at vi allerie har ete opp ein god del ser det ikkje lyst ut for 10 kilometerløpte som skal springast om ei veke.
Det var kjempemange kule tagginga i Berlin! Den her var frå ein av dei tyrkiske bydelane vi utforska.
Det biletet her treng vel inga forklaring...
På toppen av Riksdagen. Normalt sett kan turistar berre sjå toppen og utsikta over Berlin. Vi derimot fekk omvisning inne i bygget og fekk sjå dei ulike romma der viktige avgjersler vert tatt. det gjeld å ha dei rette kontaktane.
Miguel bestemte seg for å ta ein tur innom frisøren å klippe seg medan vi var der. Det kan vere ei risikabel utfordring når frisøren ikkje snakkar engelsk og Miguel ikkje kan så mange tyske glosar relatert til hår og hårfrisyrar...
Berlinermuren.
Etter ei veke med leiting, fann vi endeleg ein postboks der vi kunne poste alle postkorta vi hadde skrive!
Ich liebe.....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar