mandag 1. mars 2010

VÅR VÅR VÅR


Såå deilig. Det er 1. mars, som jo er den første dagen i den første vårmånaden, og kva er vel meir passande då enn å vakne til ei sol som strålar gjennom vindauget? Ikkje berre det, sola er varm og, det betyr soling i Project Week! I tillegg har vi surfing i dag, eg kryssar verkeleg fingrane for bølgjer OG sol. Eg er ikkje ei like stor pyse no som i haust, bølgjene er mykje mindre skumle når dei er blå enn når dei er grå.


For på onsdag startar Projet Week, som er 10 dagar ferie, med 6 dagar langt prosjekt i. I tillegg betyr det at den vekar berre har tre skuledager. Jippi. Mitt prosjekt er å reise til Berliiiin, på torsdag. Fysøren kor eg gledar meg, vi skal fsaktisk bu i eit flotell og få spesialomvisning i Riksdagen og leve eit utsvevande natteliv. Det er ikkje Check-in, så vi må jo nytte oss av den moglegheita. (Okei, vi skal ikkje leve så veldig utsvevande.)


Forresten hadde eg besøk av mamma, Ida og Siri forige helg. Før dei kom hadde eg hotellrommet i Cardiff for meg sjølv i to heile timar. Aleine. Fjernsyn med OL. Dusj og badekar. Mjuk dobbelseng. Ahh, herlig å vere aleine for første gong på omlag to månedar må eg sei. Linar nesten litt på luksus. Det vart sjølvsagt mykje betre då det banke på døra, og mamma hadde med seg fem posar med skillingsbollar. Laurdagen var vi turistar i Cardiff og sundagen var eg guide, og dei turistar. Eg guida dei til dei noko gjørmete klippene våre og rundt den vene Campusen. Det var ei særs god helg.


No er det early lunch, så er det matematikk.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar