tirsdag 2. mars 2010

Nok ein herleg dag

Sola sto nko ein gong strålande på himmelen i dag. Kan nesten ikkje tru at detter er Wales, som liksom skal vere det landet i Europa der det regnar mest. Ahh for ei herleg kjensle, spesielt når ein har siste code fri, og Early Lunch! Då er det jo god fisk som eg kan ete, hurra! I dag var det og veldig, veldig lågt tidevatn, har aldri sett sjøen trekke seg så lang tilbake før. Det var visst tre år til neste gong det skulle verte så låg fjære igjen. Eg fann ut at det faktisk skjula seg ei ganske stor og lang sanstrand under havoverflata, og i tillegg fann og plukka vi mange kukkelura til eit biologieksperiment eller noko. eg tek ikkje biologi eg bnerre plukka dei fine kukkelurane.


Fjæra var så ekstrem i dag at Slipwa`en tok slutt før den nådde sjøen. Derfor måtte dei som er i ILB, det er dei elevane som er med redningsbåtane og reddar folk som er i naud til havs, skubbe båtane og vatnsctootaren ekstra langt på vogenen før dei kunne kjyre avgarde. Dei båtane er skikkelig tunge, spesielt å dra dei opp på land etterpå og få kjøyrt dei inn på tralla den rette vegen. I tillegg var det service-dag i dag for nokre av Lifeguardgruppene, og eg må sei at eg var litt misunnelig på kayakkgruppa. Dei drog med sjøkayakkane på ein kjempelang padletur på ein nesten blikkstille Bristol Channel, og eg er ikkje akkurat ein superfan av kayakking. Det er ein smule klaustrofobisk nede i der, under "Spraydecket" av og til.

Viktor, Molly(Sør - Afrika) og Karissa(Wales) er klare for innsats!

Nokre bilete for å vise kor vent det er!





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar