tirsdag 20. april 2010

End og codes.....

Det her er siste veka andreåringane våre har ordentelege skuladagar med timar på skulen. Frå og med neste veke er det berre pugging til eksamen som tel. Det betyr at dei har total makt til å gjere det dei vil med oss førsteåringar. Ein kan plutseleg oppdage at senga ikkje lenger er på rommet, men no står på taket. Klesskåpet kan vere låst og du vert dildelt andre alternative antrekk å gå med. Det er faktisk litt morosamt å sjå folk går sundt med ein kjloe laga av avispapir eller personar som berre går rundt med eit flagg rundt kroppen. Heldigvis er det ingen som har tatt senga mi endå, og eg har forsatt alt på plass i hjørnet mitt. Forøvrig måtte eg gå med matchande skjerf, jakke og sokkar og ei blomstrande strømpebukse i dag, eg helt nesten på å smelte. Ryggsekken min var ein plastikkpose frå Tesco som sprakk etter to timar...
På fredag har vi vår første eksamen, norsk, så har vi helga å pugge på før det er eksamenar kvar dag i neste veke. Plutseleg sit alle på biblioteket og alle andre plassar og les febrilsk i stden for å vere ute i sola å sole seg. hmm..
Forige sundag hadde Sunley House den årlege grillfesten og sola sto midt på den blå himmelen. Alle sofaer var bært ut og Boya og Yifan våre kinesiske meisterkokkar grilla både normale, halal og vegetarburgera til nesten sytti personar. Det var ein strålande dag, berre så uendeleg trist å tenke på at om fem veker er det første året mitt på Atlantic College over og andreåringane vil ikkje vere her når vi kjem tilbake etter ferien.

1 kommentar:

  1. Lykke til med eksamen Lina<3 Go andreåringane:p Høyrast stressande ut med eksamen lesing, går ikkje akkurat i dei banene her heime:p men prøve og tentamen innspurten er komen! Og om du ikkja har høyrt det: Det har begynt å snø her igjen!! No har vi sol, regn og snø på same dag! Og vi som berre vil ha sommar!!

    Kos deg dei siste vekene på AC! Berre hugs at om eit år er det du som er andreåring;)
    (Det er DIGG å vere russ!!)

    SvarSlett