Derfor er det ikkje like kjekt å tenke på at vi har End of Term Exams om berre to snaue veker, og dei fleste sit på biblioteket og gjer lekser i staden for å kunne nyte godveret fullt ut. Sidan eg var i Noreg i to veker må eg og gjere eit coursework i geografi på toppen av det andre arbeidet eg har frå før. Kjempemessig, men null stress enn så lenge. På fredag var læreren vår så snill og lot oss ha norsktimen vår utandørs så vi kunne nyte sola.
Ein annan god ting er at eg har tinga flybilettar til Kenya i sumar. Eg skal tilbringe fem veker i Kenya og Uganda med omlag 16 andre studentar frå Atlantic College. Det er romkameraten min, Christine frå Uganda og Happyness frå Kenya som har organisert prosjektet. Vi skal mellom anna malle nokre klasserom, bygge nokre skur, lære elevar engelsk og vere med funkjsonshemma born på ein skule. I tillegg trur eg at vi skal på ein safari og!!! Det kriblar i magen allereie no.
Ein annan ting som er vedt å nevne er jo at før eg drog heim var eg med å sprine 10 km, eit løp som skulen arrangerer kvart år. Det var svært tilfredsstillande å komme seg heilskinna i mårl,
men løpet resulterte jo sjølvsagt i verdas største gnagsår på begge hælane mine. Eg klarte berre å gå i sokkar i to dagar etterpå, inkludert på flyplassane då ek skulle heim. Eg og Viktor sprang med den her plakaten heile løpet, for å reklamere for Leger Uten Grenser, i tilleg var Viktor kjøpt og betalt og sprang 10 kilometer i våtdrakt og våtdraktsko. (!) Creds til han!
Her er vi svette, slitne og lukkelege etter å ha kommt oss til mål!



Er utrolig misunnelig på Kenya turen din Lina!
SvarSlett