onsdag 3. mars 2010

Berlin, here we come

Endelig er den her, den etterlengta Project Week. No ventar ti dagar med null codes og seks av dei skal eg tilbringe med fem knakande kjekke personar i Berlin. Vi reiser frå campus i morgon nøyaktig klokka halv to for å sette oss på flyet frå Bristol til Berlin. Eg gler meg såå mykje til det her prosjektet, no får eg virkelig sjå om eg kan å snakke tysk etter fire og eit halvt år. Kan verte spannande å sjå om ein berlinar verkleg forstår det eg seier. Vi er ei lita, men god gruppe som derg avgarde sidan vi berre er åtte elevar tilsamen på AC som tek tysk, og seks stykker som skal til Berlin. Caroline, Eirik og eg frå Noreg, Sarah frå England huon frå Australia og Miguel frå Spania/USA. I tillegg til ein av tysklærarane våre, Christian, som for øvrig og er min Houseparent.

Sarah har visst nokre slektingar som budde i berlin i ti år, og hadde to sider fulle av forslag til kva vi kan gjere. Det inkluderer mellom anna både motorsykkel og sjokolademuseum og eit kjempestort marked, med klubbar om kvelden. Eg trudde trudde våren var kommen til Berlin og, men der tok eg feil gitt. Der er det visst åtte minusgrader og snøstorm og litt av kvart. Jaja, eg er glad eg er ein robust vikingnordmann som kan takle slikt "ekstrever," hihi. Vi har nemleg ingen check - in, eg kan nesten ikkje tru det, Christian sa vi berre måtte møte opp til frukost... Eg har ikkje pakka endå, måtte finne ein person eg kunne låne ein bag å pakke i, sidan eg berre har den gigantiske eg pakkar full i enden av kvar termin. Det var ikkje like enkelt når nesten alle skal ut på tur, men heldigvis hadde den snille andreåringen min, Sondre ein bag til overs.

I tilleg blei eg superglad og overraska då eg såg at namnet mitt sto på Packet List. Det er ein ting som kan få deg til å både hoppe og sprette. Eg lova. Ei litt bekymra mamma hadde sendt ein god- bedringspakke med norske sladrebald, tjukkelabbar som var rosa, Freia melkesjokolade og IFA sidan eg var sjuk heile forige veke. Dagen er redda. No skal eg sjå Oppdrag Nemo.

3 kommentarer:

  1. Hei.
    Jeg har vært så heldig å få beskjeden at jeg har kommet inn til intervju, og i den forbindelsen har jeg et par spørsmål til deg, som jeg håper du kan svare på!

    1. Hva er spesielt med UWC Atlantic i forhold til de andre skolene?

    2. Hvilke activities og sosial service har dere der nede, og hvilke fag har dere som andre ikke har, eller som dere ikke har?

    Det ble mange spørsmål, men håper du kan svare.

    SvarSlett
  2. Hei, og gratulerer med å få komme til intervju!
    Hmm, på AC legg ein veldig stor vekt på service, som vi har to gongar i veker i to timar lange økter. AC var jo den første av UWC - skulane som vart grunnlagt, så rutinane og tradisjonane her er ganske innarbeidde i tillegg til at det er rom for nye idear og av og til. I tillegg går jo vi på skule i eit slott, noko som er ganske fantastisk i seg sjølv.
    Dei fleste aktivitetane er det elevane sjølv som leiar, slik at tilbodet pleier å variere frå år til år. Der er nok ein aktivitet for ein kver smak, for mange av aktivitetane er veldig varierte. Når det kjem til service, har vi alt frå Lifeguards, til social service til media service. Der er ein service for ei kvar interesse vil eg seie.
    AC tilbyr mellom anna Peace & Conflict, og Arabic ab initio, men eg veit ikkje om der er andre skular som tilbyr desse faga og. Om du går inn på UWC Norge sine heimesider, trur eg der skal vere ein link med oversikt over kva fag dei ulike skulane tilbyr.
    Ojsann, det vart eit ganske langt svar, men eg håpar det var til litt hjelp vertfall.
    Lukke til på intervjet ditt!!!

    SvarSlett