mandag 13. september 2010

Innsamlingsaksjon for flormofra i Pakistan

Pakistan ramma av den storste naturkatastrofa i nyare tid. Ein femtedel av landet, dvs eit omraade paa storleik med Italia, er lagt under vatn og meir enn 20 millionar menneske har vorte heimlause som folge av flommen. Saa langt har meir enn 1600 perosnar mista livet og det er venta at dodstalet vil stige ettersom sjukdommar sprer seg i vatnet og folk ikkje lenger har hverken hus eller mat. Alle provinsane i Pakistan er ramma av flomnmen.
Faizan of Isma som begge er fraa Pakistan tok intiativ til aa arrangere ein innsamlingsaksjon i Llantwit for aa komme med eit bidrag til flomofra gjennom hjelpeorganisasjonen CARE-international. Faizan fortalde at mor han som er lege, no jobbar 14 timar kvar dag paa eit sjukehus der dei tek imot flomoffer! Slike hendingar kjem saa utruleg mykje naerare her paa AC, naar eg faktisk kjenne personar som kjem fraa land der det skjer. Vi var rundt 40 studentar som hjalp til med aa samle inn pengar, og pakka varer for kundar og gjorde dei merksame paa kva som har skjedd. Folk i Llantwit er utruleg hjelpsame og imotekommande og innsamlingsaksjonen gjekk over alle forventningar. Vi samla inn over 10500 kroner, og i tilleg kom sjefen for veldedigheitsbutikken in Llantwit og sa at han gjerne ville donere ein sjekk paa 5000 kroner til saka, og han ville setje opp bosser i butikken sin. Utruleg.
Leger Uten Grenser, som er ein aktivitet her paa skulen skal og ha fokus paa arbeidet dei gjer i omraadet framover. Og om to veker skal vi ha ein fastedag, der pengane vi sparar paa aa faste skal gaa til Leger Uten grenser.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar