I dag fastar halve skulen for å vise solidaritet for folk som lev i hungersnaud verda over. Alle pengane vi sparar på å ikkje ete går til Leger Uten Grenser, og ernæringsprogramma dei har rundt om i verda. Fastinga har vart sidan etter frukost i dag tidleg, som var klokka 08.00 og varer til 20.00 i keld. Då skal vi møtast i matsalen på slottet for å "break our fast." (Veit ikkje om ein kan sei brekke fasten, høyrtest litt mistenksomt ut. ) Uansett då får vi servert suppe, og seinare skal eg og to andre bake kake som vi og skal ta med. Akkurat no er eg ganske svolten, men vi har heldigvis lov til å drikke vatn, og dei som nettopp har fasta ein månad for Ramadan tykkjer ikkje det er så gale. Det er jo berre fire timar att, så dette skal gå bra. Vi samlar inn rundet 300 pund, som er sånn cirkus 3000 kroner på å la vere å ete ein dag. Det er ikkje så dårleg det.
Forresten har eg levert inn matteprosjektet mitt i dag. Ein mindre ting å tenke på. Jippi! Ein anan ting å notere. No er det berre omlag tre veker att til Lena og Frida kjem på besøk, og det er berre ein månad til eg skal heim i 10 dagar! I tillegg har vi neste veke ikkje vanleg skule, men noko som heiter AC Dimploma Period, der fokuset ligg på "Education & Geography og Thought."
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar