onsdag 15. september 2010

Ny veke, meir lekser

Forige torsdag var det baade jodisk nyttaar og id for muslimar, og det vart feira med eit stort fellesmaaltid i Sunley for alle som ville! Baade jodisk nyttaar og id er feiringar som ein kan samanlikne med det at vi feirar jul, og for mange var det fyrste gongen aa ikkje feire saman med familiane sine sidan dei er paa den andre sida av kloden. Romkameraten min Jemilat fra Nigeria og England hadde fasta i 31 dagar, det ver vel strengt tatt det dei fleste muslimar gjer daa dei fastar. Uansett sto alle muslimane og dei andre som fats frivilleg opp kvar natt klokka tre for aa ete for soloppgong og fasta gjennom heile dagen til dei braut fasten klokka aatte dagen etter. Dei har ei utruleg vilje, tredje termin er alt anna enn lett, utan fasting innlagt i timeplanen.


Denne veka har hittil vore like megastressande som dei to fyrste vekene med skule var. Eg torr aa paastaa at "stresset" heime i Noreg ikkje kan maale seg med alt det skulearbeidet vi har her paa AC akkurat no! I tileeg til vanlege lekser har vi coursework som tel paa sluttkarakteren vaar, og i tillegg til det har vi ein stil paa 4000 ord og andre presentasjonar vi maa levere inn. Spesielt stressande er det daa eg ikkje var altfor flink til aa gjere unna litt lekser i sommarferien. Heldigvis er livet her framleis ganske fantastisk, spesielt sidan namnet mitt har vore paa pakkelista to dagar paa rad. Eg og Jemilat fekk nemleg pakke fraa den gamle romkameraten vaar Yuho fraa Japan i gaar som var stappfull av all slags herleg japansk godteri i tilleg til andre sote overraskingar. Paa toppen av det heile fekk eg pakke fraa mamma og dei i dag med nye forsyninga og teikningar, noko eg verkeleg hadde bruk for etter ei kjempekjemiprove i seks kapittel! Kan ikkje seie at eg er ein stor fan av entalpiendringar, delta H og andre skrekkelege formular.

Heldigvis tek dei sote smaa forsteaaringane vaar godt vare paa oss: Dei masserer oss og bakar kaker og muffin for aa gjere kvardagen vaar enklare. Kor vidunderleg!

Massagerekke. Bak: Avni(Canada), Maria(Hellas, Billa(U.S.A - Texas), India(Australia) og Nadya(Indonesia) som og er den nye romkameraten min.
Almog(Israel), Avni(Canada), Eliza(U.S.A - Pennsylvania), Hannah(U.S.A - Calefornia), YiaJing(Malaysia), Mizuki(Japan/Noreg), Morag(Botswana) og eg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar