torsdag 30. september 2010

Ny dag, nye moglegheiter

I gaar var det siste del av Geography of Thought konferansen, og resten av veka har skulen satt av til at ein kan forbrede universitetssoknadar og gjere ferdig Extended Essays osv, medan forsteaaringane vaar har FirstAid Week. Konferansen var faktisk virkelig god, og veldig interessant! Der var ei fin blanding av gjesteforelesarar, og i tilegg hadde vi break - out groups for aa diskutere det va akkurat hadde hoyrt, og kva vi kan gjere her paa skulen for betre laering osv. Ein av forelesarane var faktisk fraa Noreg, Anders Breidlid. Han hadde akkurat vore i Sudan og vore med aa utarbeida nye skuleboker og liknande der nede. Der var mange ulike tema som blei diskutert, nokre av dei var melom anna: korleis hjernen fungerer og kva vi kan gjere for aa betre vaart laeringsutbytte, korleis ulike perspektiv paaverkar vaar laering. I tillegg hadde vi diskusjonar om Kurt Hahn og mannen som fann opp atombomba. Eit sporsmaal vi diskuterte i den siste Break - Out sessionen vaar var: To what extent do we tolerate and not understand in AC? Noko aa tygge paa for ein kver.

No er det uansett fire dagar med fri for oss som ikkje har tenkt aa gaa paa universitet i USA eller UK, saa derfor skal eg nytte anledninga til aa gaa til Llantwit og plukke bjornebaer. Det er kjempegodt, og det veks jo ikkje heime. I tillegg skal eg vurdere aa gjere litt lekser.


Her er forresten eit bilete fraa daa vi avslutta fasta:

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar